Barnefattigdomen aukar i Noreg. Her frå Kampen i Oslo. Illustrasjonsfoto: Oslo kommune

Barnefattigdomen aukar i Noreg. Her frå Kampen i Oslo. Illustrasjonsfoto: Oslo kommune

Fleire fattige barn i Noreg

Samstundes aukar eldre inntektene sine rekordmykje. Sjå kvar flest barn i Noreg lever i fattige familiar.

74.000 norske born bur i hushaldningar med vedvarande låginntekt. Sidan 2005 har talet på barn i fattige familiar auka med 6.500. 7,7 prosent av alle born i Noreg lever no i familiar med vedvarande låg inntekt. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Til samanlikning har eldre over 67 år hatt ein rekordauke i inntektene sine dei siste 11 åra.

Barn som har innvandra sjølv, eller som er barn av innvandrarar, er meir utsett for vedvarande låginntekt enn andre barn.

Les også: Aarebrot om eldre veljarar: Ekle, egoistiske bandittar

Deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar Sjølv om få oppgjev økonomi som årsak til at borna ikkje deltek på fritidsaktivitetar, deltek barn i låginntektsfamiliar sjeldnare i slike aktivitetar. 36 prosent deltek ikkje i det heile.

Talet for dette på dei borna som ikkje er i låginntektsfamiliar er 14 prosent.

Barn i låginntektshushaldninger og hushaldninger med låg utdanning har mindre aktive foreldre, og foreldre med svakare sosiale nettverk.

Les også: 663.000.000 færre ekstremt fattige i verda

Færrast fattige barn i vest Oslo (16,4 prosent) og Østfold (10,7 prosent) peikar seg ut som dei fylka der flest barn bur i hushaldningar med vedvarande låginntekt.

Barn i Troms, Finnmark, Rogaland og Sogn og Fjordane, med ned mot fire prosent i sistnemnde, bur i mindre grad i hushaldningar med låginntekt.

Venstre reagerer Den raud-grøne regjeringa gjekk hardt ut i Soria Moria-erklæringa og lova å avskaffa fattigdom. No får regjeringa kritikk frå Venstre.

– Jens Stoltenberg må konsentrere seg meir om å skape færre fattige enn å skape færre rike, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til Dagsavisen i ein kommentar.

I ein OECD-rapport frå i fjor viser at Noreg er eit av dei rike landa i verda der forskjellane mellom rike og fattige aukar mest.

I morgon skal finanskomiteen behandla fordelingsmeldinga i Stortinget. Tiltaka som er føreslått er i stor grad vidareføring av allereie eksisterande tiltak.

Les fleire nyheter her

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter.

Debatt om saker og hendelser er viktig for demokratiet. Men det er også viktig at debatten er uten sjikane, uønsket språkbruk eller personangrep. Derfor blir debatten hos ABC Nyheter overvåket av moderatorer som fjerner innlegg som bryter med reglene. Husk imidlertid at din ytringsfrihet ikke betyr at vi må publisere det du mener.ABC Nyheter krever at du registrerer deg med fullt navn.

Her finner du regler for kommentering.

Tor Strand, redaktør

Diskuter artikkelen her:

comments powered by Disqus