Stemmer:Bekymringsmelding til NAV

ENDRING: Bjarte Øygard ønsker en holdningsendring hos det norske folk. Foto: Privat
ENDRING: Bjarte Øygard ønsker en holdningsendring hos det norske folk. Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein uførepensjonert som pyntar opp tunet sitt, byggjer leikehytte og garasje og putlar på so godt han kan, vert omtala som «ein latstrokk som ikkje gidd vera i arbeid».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer: Bjarte Øygard

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meldinga gjekk om lag slik: «Eg forstår ikkje kvifor Bjarte ikkje kan vera i arbeid, når han kan stå slalåm».

Meldinga vart framsett til Nav av ein kollega av meg, som gjerne vil vera anonym.

Kjære Anonym Bekymra Kollega. Tusen takk for at du bryr deg, det set eg veldig pris på. Men: Eg har nok aldri hatt slalåmski under føtene. Om det er biletet frå ei vinterferiehelg i Hemsedal du tenkjer på, so var eg der utstyrt med telemarksski. For fyrste gong i vinter. Og historia går slik:

Dei siste åra har eg vore sterkt plaga av dårlege skuldrer, noko som gjorde til at eg i løpet av 11 månader fekk operert dei begge.

Sidan du kjenner meg, gode Anonym Bekymra Kollega, veit du at eg er glad i å gå toppturar og renna i laussnø med telemarksski, eg likar å gå på hjortejakt, og den store interessa og hobbyen er kajakkpadling.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste åra har eg ikkje teke sjansen på laussnøkøyring. Heller ikkje har eg fått pussa opp badet heime, gjort det eg skulle under min gode Landrover, måla hus, eller gjort ein heil masse anna turvande arbeid. Derimot har eg vore på jobb so mykje eg har greidd.

Sidan ungane var små, har vi kvart år vore nokre dagar i Hemsedal saman med syster og svoger. Desse dagane har vore rein medisin for kropp og sjel. I år var eg veldig i stuss på om eg denne gongen skulle investera i heiskort, men valde å prøva. To timar forsiktig renning på fredag resulterte i ei dårleg natt mest utan søvn, der smertestillande tablettar vart ein avgjerande del av menyen. På laurdag etter lunsj var eg igjen forsiktig i bakken. På sundag fungerte det litt betre. Teknikken kom sakte attende etter totalt fråvær av trening, og det vart gjort nokre gode renn i velpreparerte løyper.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg kan forsikra deg om, kjære Anonym Bekymra Kollega, at denne helga totalt sett gjorde godt for skrotten. Sjølv om eg følte meg rimeleg møyrbanka, greidde eg å gjennomføra treningane hjå fysioterapeut dagen etter. For det er det dagane går med til no. Tre gongar i veka, 2–3 timar kvar gong. Tida i mellom treng eg til restitusjon. Og dette vil sikkert gle deg: no er eg så vidt byrja i jobb igjen! Halvannan dag i veka, med plan om roleg opptrapping. Det er lystbetont og kjekt å vera på arbeid, og vi har spanande utfordringar framfor oss.

Kjære Anonym Bekymra Kollega: ikkje bekymra deg, dette går vegen. Om du vil, kan du koma direkte til meg og spørja korleis det går. Du skal sleppa å gå omvegen via Nav. Du kan få høyra korleis eg opplever helsevesen og Nav, og få gode råd i samband med skulderplager.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men eg er bekymra. Min gode sakshandsamar på Nav seier at «dette er ganske alvorleg, du må kanskje tenkja litt på kva du legg ut på Facebook».

Kjære Nav.

Det som er alvorleg er ikkje at eg informerer vener og kjende om at eg har hatt ein god dag på ski i Hemsedal. Det som er alvorleg er denne haldninga:

«Den som er sjukmeld, uføretrygda eller av ein annan grunn i ein periode ikkje kan gjera eit vanleg arbeid, må løyna si glede over aktivitetar han kan vera med på, og helst ikkje vera med på noko der han kan verta observert».

Det som er viktig, både for dei som er 100 % funksjonsfriske og dei som er som meg, og verre, er då verkeleg å koma seg ut. Blant folk. På fjell, i skog, på sjø, på kino eller kafé. Sosialisèr og bruk skrotten. Det må ikkje vera slik at «om du ikkje kan gå på skulen får du halda deg på rommet ditt, i alle fall inne!». Spark poden ut i sandkassa, slepp han bort til nabojenta, kom deg sjølv ut og rusle ein tur i sentrum. Gå på ein konsert om du kan, besøk ein nabo, ro deg ein tur. Gjer det du kan for å halda deg i aktivitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nav veit dette er viktig. I staden for å åtvara mot etaten og «folk» sin reaksjon når du er aktiv, må det skapast ei haldningsendring. Alle veit dette. Når vi tenkjer etter.

Ein uførepensjonert som pyntar opp tunet sitt, byggjer leikehytte og garasje og putlar på so godt han kan, vert omtala som «ein latstrokk som ikkje gidd vera i arbeid». Kanskje det er dette han treng å gjera for å oppleva å få ein god livskvalitet. Kanskje han bare gjer dette arbeidet innimellom når han er i stand til det, kanskje han enkelte dagar er sengeliggjande. Kva arbeidsgjevar kan tilsetja ein person som må ha det so fleksibelt? I våre dagar er det få.

«Kan ikkje vera mykje sjuke ho, sjå den flotte genseren ho strikka barnebarnet sitt til jul?!» Ja, ho tok ut alt ho hadde, fordi barnebarnet er det kjæraste ho har.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Hey, ho ser kvikk og rask ut, skal tru kvifor ho ikkje er på jobb?» Fordi ho ein time før ho gjekk ut, putta i seg morfin for å halda i sjakk smerter du ikkje ser. Resten av døgnet ligg ho flat i eit mørkt rom.

Gjennom nokre år i attføringsbransjen, og gjennom eit liv levd saman med folk, har eg sett og opplevd nok til å skjøna at alt er ikkje so beinkløyvt. Det er ein grunn for det meste, alle har ei historie.

Kjære Anonym Bekymra Kollega.

Eg er litt usikker på om det er misunning eller om det verkeleg er bekymring som ligg til grunn for di melding til Nav, men vel å tru at det er det siste. Takk for omtanken. Om du er so heldig at du aldri har hatt plager av noko slag, er du veldig privilegert. Og det er kjempefint at du har det bra, eg unner deg å ha det bra. Og so vonar eg at neste gong du er bekymra for meg eller andre: ta kontakt. Vi som er mødde med eitkvart er ofte veldig glad i at einkvan spør, slik at vi kan fortelja om det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Og eg kjem IKKJE til å gje meg med å koma i gong og padla att. Eg skjuler det heller ikkje. Bli heller med på tur, eg treng hjelp til å få kajakken opp og ned frå biltaket. Eg kjem IKKJE til å slutta med å innimellom leggja ut bilete og historier om kva eg driv med, og vonar andre kan gjera det same. Utan at du vert bekymra. Anonymt.

Kanskje eg skal prøva å stå på slalåmski.