DISKRIMINERT: Det skal meir til at enn mann møter fordommar på grunn av vekta, enn at ei kvinne gjer det. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Overvektige kvinner møter flest fordommar

Overvektige kvinner blir raskt møtt med fordommar. Menn må derimot leggje på seg betydeleg meir for å bli diskriminert på same måte.

Det skal berre ein beskjeden vektauke til før ei kvinne vil kunne oppleve å bli diskriminert på grunn av vekta, melder The New York Times. Menn kan derimot leggje på seg betydeleg før dei opplev å bli utsett for fedmefordommar.

Det viser ein ny rapport frå Rudd Center for Food Policy & Obesity ved Yale University, som blei publisert i denne månadens utgåve av International Journal of Obesity.

Vi er med andre ord mindre tolerante overfor overvektige kvinner enn overvektige menn.

Meir vanleg enn rasisme

I studien dokumenterer forskarane den alminnelege førekomsten av sjølvrapportert diskriminering på grunn av vekt blant et representativt utval amerikanarar i alderen 25 til 74 år, og samanlikna denne med innrapportert diskriminering som skuldast rase og kjønn.

Forskarane fann ut at diskriminering på grunn av vekt, og særleg av overvektige kvinner, er meir vanleg enn diskriminering som skuldast seksuell legning, rase, funksjonshemming eller religiøs tru.

BMI

Forskarane fann også ut kor mange kilo overvekt som triggar diskrimineringa. Dei konkluderte med at kvinner risikerer å møte fordommar ved mykje lågare vekt - i forhold til kroppsstørrelsen deira - enn det menn gjer.

Basert BMI (Body Mass Index), eit verktøy som blir brukt til å rekne ut overvekt, basert på vekt i forhold til høgde (BMI = kg / m 2), er ein er overvektig om ein har BMI over 25. Har ein BMI mellom 18,5 til 24,9 blir ein rekna som normalvektig.

Ifølgje studien møter kvinner diskriminering når dei får BMI over 27. Det vil seie at dei opplev trøbbel på arbeidsplassen eller i private relasjonar på grunn av vekta. Menn kan derimot leggje på seg mykje meir før dei møter tilsvarande problem. Dei risikerer ikkje å bli diskriminert før dei får ein BMI på 35 eller høgare.