Sigrar over aids-frykta

Før nekta folk i Swaziland å la seg hiv-teste av frykt for stigmatisering og utfrysing av lokalsamfunnet. No testar både religiøse leiarar og toppsjefar seg i full offentlegheit, noko som fjernar skam

Swaziske kvinner følgjer med på eit aids-opplysingsmøte som blei arrangert våren 2005, utanfor hovudstaden Mbabane. Målet med møtet var å endre den tradisjonelle mannlege haldninga i landet. I eit land der kongen giftar seg med ei ny jomfru kvart år er det ikkje så lett å overtale mennene i til å halde seg til ein seksualpartnar, sjølv om det står liv på spel. (Foto: Reuters / Mike Hutchings / Scanpix)Swaziske kvinner følgjer med på eit aids-opplysingsmøte som blei arrangert våren 2005, utanfor hovudstaden Mbabane. Målet med møtet var å endre den tradisjonelle mannlege haldninga i landet. I eit land der kongen giftar seg med ei ny jomfru kvart år er det ikkje så lett å overtale mennene i til å halde seg til ein seksualpartnar, sjølv om det står liv på spel. (Foto: Reuters / Mike Hutchings / Scanpix)

Offentleg hiv-testing har skapt større forståing for sjukdommen i Swaziland, melder allAfrica.com.

Ifølgje tal frå UNAID er heile 33,4 prosent av den vaksne befolkninga i landet hiv-smitta, noko som utgjer den høgste hiv-førekomsten i verda.

For berre to år sidan meinte dei fleste swaziar at hiv-testar berre var til for dei som alt hadde symptom på sjukdommen, som til dømes raskt vekttap.

Førre veke inviterte den sør-afrikansk-eigde banken Nedbank den lokale pressa til hovudsetet sitt i Swaziland, for at dei skulle få sjå både banktilsette og banksjefar ta hiv-testar i full offentlegheit. Dette var ein del av eit hiv-/aids-program støtta av Swazilands Næringsråd og fleire arbeidstakarorganisasjonar.

«Ein siger over frykta», uttalte ein av journalistane som var til stades.

Haldningsendring


For fem år sidan forsøkte ein av landets største industriselskap seg på noko liknande. Dei la fram forslag om at arbeidarane skulle ta konfidensielle hiv-testar. Årsaka var at selskapet sleit med høgt sjukdomsfråver og eit uforholdsmessig høgt dødstal blant dei tilsette, grunna aids.

Arbeidarane i fabrikken reagerte med å gå ut i streik. Dei nekta å la seg teste av frykt for at fabrikken skulle bli kjend som «aids-plassen».

Helsearbeidarar som er involverte i kampen mot hiv/aids karakteriserer haldningsendringa som har skjedd sidan den gong som eit vegskilje.

- Det er ei svært positiv utvikling vi ser no, ei verkeleg trend, uttalar Thembi Khoza, frivillig rådgjevar og testadministrator i byen Matsapha.

- Stigmatiseringa av folk som lever med hiv/aids er i ferd med å minske. Før var folk redde for å la seg teste, fordi dei frykta at folk skulle tru dei hadde aids.

- Eg trur det er eit samband mellom folk si vilje til å la seg teste, også i full offentlegheit, det at nokon annonserer testresultata sine offentleg og den nedgangen vi no byrjar å sjå i talet på infeksjonar. Folk har blitt meir medvitne, dei vil ta vare på seg sjølv, seier Khoza.

Religiøse leiarar hiv-testar seg offentleg


20 pastorar var med på ei offentleg framsyning av hiv-testing denne veka. Med det skapte dei forsider i eit land der hiv/aids-problematikken lenge har blitt knytt til seksuell promiskuitet og tøylesløyst kjønnsliv.

Det blir kjempa mot stigmatiserande haldningar kring aids-problematikken i Swaziland. (Foto: Reuters / Mike Hutchings / Scanpix)Det blir kjempa mot stigmatiserande haldningar kring aids-problematikken i Swaziland. (Foto: Reuters / Mike Hutchings / Scanpix)

- Folk var redde for å innrømme at dei var HIV-positive. Dei nekta å la seg teste, fordi folk rundt dei ville skulde dei for å ha dårleg moral. Aids-sjuke blei behandla som syndarar. Men når såpass mange er smitta, gifte kvinner og menn, og barn blir fødde HIV-positive, så er det hardt å vere fordømmande, seier Sarah Khumalo, som arbeider ved eit av landas HIV-/AIDS-program.

Dei 20 pastorane har lova å offentleggjere resultata av hiv-testen, uansett kva det måtte bli.

- Om religiøse leiarar vedgår at dei er hiv-positive, vil det verke som eit knyttneveslag mot stigmatiseringa, seier Khoza.

Ifølgje rapportar frå UNICEF, skal hiv-smitta tidlegare ha blitt fryst ut av dei kristne trussamfunna. Men no skal 156 swaziske kyrkjeleiarar ha fått opplæring i førebyggjande hiv-/aids-tiltak, og 70 prosent av dei skal ha gjennomgått frivillige aids-testar.

Sarah Khumalo trur at lettare tilgang på medisin også har vore med på å endre haldninga til aids.

- Før fekk folk vite at aids var det same som dødsdom. Folk tenkte: «Kva er vitsen, eg vil ikkje vite om eg skal døy». Det finst framleis inga kurering, men du kan leve eit langt liv med nye medisinar - og det gjer ein forskjell.


Swaziland

er eit av dei landa som er hardast råka av aids-epidemien. Ifølgje tal frå UNAIDS (FN sitt AIDS-program) er heile 33,4 prosent av den vaksne befolkninga hiv-smitta. Dette er den høgaste førekomsten av sjukdomen i verda.

Ifølgje UNICEF har

80.000

barn blitt foreldrelause på grunn av sjukdomen, og dei reknar med at dette talet

vil stige til 120.000 innan 2010

, i eit land der befolkningstalet ligg på ein million.

Les meir hos WHO.



Prøver og provosere ja


Hvis du hadde vært på fest og du hviste at 30% hadde aids.Ville du hatt ubeskyttet sex da.Og hvis du hadde hatt det så måtte du vært komplett idiot.Eller?


hehe


har dere noen gang tenkt på at de ikke får skikkelig vann bl.a. fordi cola kjøper det av dem, ikke får de nok mat ller medisiner heller, de har ikke nok penger til å klare seg i den moderne verden, og da kommer alle disse sykdommene.


aids


ja er det ikke flott det er vell ikke ofte slike dødlige sykdommer starter i vestlige land så en kan jo begynne å lure


Norge = Swaziland


Noen som husker da AIDS'en kom? De hysteriske skremmekampanjene til de norske helsemyndighetene som var helt grunnløse, og bare stigmatiserte blødere og homoseksuelle. Folk - over hele verden - reagerer på samme måte ovenfor noe skremmende og ukjent.


Fy F**n


Dett er direkte nedsettende å si at "svarte" ikke er så intelligente som "hvite" folk. Nå stemmer det at de vet mindre enn oss, men dette er bare pga at de lever ganske isolert, de har ikke pc, tv, skikkelig avis o.l. hvis en "svart" som har bodd i europa hele livet hadde tatt en iq test mot en "hvit" så hadde det garantert ikke vært noen forskjell, det hadde faktisk vært gode sjangser for at den "svarte" hadde skåret høyere. Dessuten så flyter det ikke akkurat over av kondomer og annet prevensjonmidddel. Så jeg synes du håvard og emma burde burde holde kjeftene deres for dere selv.


TIl Håvard


herregud du mener ikke det serriøst? har du aldri i dit hele liv møtt en mørk eller?? at det går ann å fortsatt i 2007 å ha for seg sånnt! jeg er flau over å være nordmann når jeg hører folk ting som det. herregud ass, å faktisk tro at mørke er dummere enn hvite.


btw


Håvard;
Det staves ikke "intelegent", men intelligent.
Komisk mange som staver det ordet feil :)


Problemet


Problemet i mange land i Afrika er en svært lett holdning til kjønnslig omgang. Selv om en mann har en kone er han forventet å ha opp til flere elskerinner i tillegg. Slikt skaper spredning. En annen utbredt oppfatning bl.a. i Sør-Afrika var at du ville bli kurert for Aids ved å ha sex med en jomfru. Noe som ikke akkurat hjelper på epidemien.

Skal ikke på noen måte påberope at vi i norden er så prektige på dette området, og det burde heller ikke være noe mål. Men mye av forskjellen ligger i ansvarlig og uansvarlig promiskuitet.


Utrolig, ja...


- og jeg sikter ikke til det samme som forfatteren av den første kommentaren, men til forfatteren selv. Jeg kunne ha kommet med en lang tirade her, men jeg nøyer meg med å si: dust! Om det så bare er for å provosere at du kan få deg til å skrive noe så idiotisk, så er du allikevel en dust. Ytringsfrihet eller ikke - redaksjonen burde slette slike innlegg.


Utrolig


Hva foregår i hodet på disse menneskene.Har hørt at negere er mindre intelegente enn hvite,men dette er jo ikke til å tro.
Huff for en gjeng med tullinger.