– Månen er eit svært eksotisk reisemål

Astronauter på Den internasjonale romstasjonen tok dette bildet av Månen i 2004-2005. Jordens horisont og atmosfære ses til venstre på bildet.
Astronauter på Den internasjonale romstasjonen tok dette bildet av Månen i 2004-2005. Jordens horisont og atmosfære ses til venstre på bildet. Foto: Foto: NASA
Artikkelen fortsetter under annonsen

To privatpersonar skal på reise rundt månen i 2018. Det vert trangt og fantastisk, seier romentusiast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg innbiller meg at det må vere ein fantastisk tur, seier Maria Berdahl, aspirant ved Norsk Romsenter, til nyhenda om at to privatpersonar skal reise rundt månen i 2018.

SpaceX, romfartsselskapet til Tesla-gründar Elon Musk, la fram planane i ei pressemelding tidlegare denne veka.

Berdahl skildrar månen som «eit svært eksotisk reisemål.», og understrekar at det nok vert både utruleg spennande, veldig farleg og samtidig ikkje særleg behageleg. Ho trur at den vekeslange reisa vert ein blanding av kjempespennande og litt keisam.

– Dei kjem til å sitte fastspent i ein stol i ei veke og ete frysetørka mat medan dei ser ned på jorda. Det er liten plass, og ikkje som på romstasjonen der du kan bevege deg i vektlaus tilstand. Dei vil berre ha kvarandre og kontrollrommet på jorda å snakke med i ei heil veke, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Uten disse kvinnene hadde ikke USA vært førstemann til månen

Elon Musk sender to passasjerer i bane rundt månen

Ikkje uproblematisk

Maria Høegh Berdahl er rådgivar i ei aspirantstilling ved Norsk Romsenter. Foto: Privat
Maria Høegh Berdahl er rådgivar i ei aspirantstilling ved Norsk Romsenter. Foto: Privat

Berdahl trekk fram at det heller ikkje er uproblematisk å bli skutt opp av ein rakett, og at det kan skje ulykker både ved oppskyting og ved landing. Ifølgje SpaceX vil selskapet ikkje gjere like omfattande testar av rakettar og romfartøy som det NASA gjorde med Apollon-oppdraget.

Påkjenninga på veg ut av jordas gravitasjon kan også gi folk romsjuke, om lag eit døgn der ein er veldig kvalm.

Dei to personane skal i følgje SpaceX ha betalt eit betydeleg depositum, og skal starte omfattande fysiske undersøkingar og testar seinare i år. Namna deira er enno ikkje kjent.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Utvikling av romfartøya og rakettane til oppdraget skjer i samarbeid med NASA.

Les også: Siste mann på månen er død

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Jorda kan ha hatt mange små måner

Oppdagingsreiser

«Som Apollo-astronautane før dei, vil desse personane reise ut i verdsrommet med håpa og draumane til heile menneskeheita, drivne av den unvierselle menneskelege trongen til å utforske», skriv SpaceX i pressemeldinga.

Berdal trur at det å presse grensene sine og overleve noko som er farleg kan vere med på å motivere dei to framtidige romfararane til månen.

– Kanskje er dei litt som tidlege oppdagingsreisande på jorda, som reiste ut for å oppdage det ukjente, seier ho.

«Dette er ein viktig milestein på veg mot det ultimate målet vårt om å transportere menneske til Mars», skriv SpaceX på heimesidene sine. Elon Musk har tidlegare lova at turen til Mars vert alt anna enn keisam.

– Det å etterpå kunne stå på jorda, sjå opp på månen og seie at «der har eg vore», må vere heilt spesielt, konkluderer Berdahl.

LES OGSÅ: 7 nye planetar som kan ha vatn og liv

Supermånen verden over