Nær 6000 drepne av handvåpen i USA i år

Bilde: Gunviolencearchive.org
Bilde: Gunviolencearchive.org
Artikkelen fortsetter under annonsen

Drapsmannen i Orlando kjøpte våpen lovleg før han tok livet av 50 nattklubbgjester.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I løpet av 2015 blei 13.286 menneske drepne av handvåpen i USA, ifølgje Gunviolencearchive.org. Dei fører oppdaterte tal for kor mange som drepne med handvåpen i landet der retten til å bera våpen er grunnlovsfesta.

Ifølgje amerikanske styresmakter skal drapsmannen i Orlando ha skaffa seg våpena på lovleg vis.

Same dagen som massedrapet i Oregon, mista 12 menneske livet i andre skyteepisodar rundt i landet.

Så langt i år er det registrert 23.308 skyteepisodar i USA, der 5.965 har mista livet. Totalt er 1.044 personar skadde eller drepne ved vådeskot.

I alt 1.276 unge mellom 12 og 17 år er skadde eller drepne av skytevåpen i år. I tillegg har 257 born under 12 år har blitt skadde eller mista livet på grunn av skytevåpen.

Ifølgje dei siste tala frå OECD er det i snitt 5,2 drap per 100.000 innbyggjarar per år i USA. Det er nesten 17 gonger meir enn Noreg.

Les også: Å elske er ein menneskerett

Sjå president Obama kommentera våpenlovane i USA her: