Fekk eksamen på tulle-nynorsk: – Eg gir ikkje opp nynorsken

Foto: Privat
Foto: Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva. No legg NTNU seg langflate.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny», stod det i oppgåvaIngeborg Steine Jensen fekk i statistikk og økonomi sist torsdag.

Ho er frå Nordheimsund i Hardanger og studerer byggingeniør ved NTNU på Gjøvik.

«Kvisleis» og ei rad andre parodiske uttrykk gjekk igjen i eksamensoppgåva ho fekk ved NTNU.

– Eg blei redd eg skulle gå glipp av mykje informasjon som eg ikkje forstod, seier Ingeborg Steine Jensen til Framtida.no.

I går ettermiddag la ho ut eksamensoppgåva på Twitter. Reaksjonane har ikkje mangla. NTNU var ikkje sein med denne orsakinga:

– Eg håpar det blir betre og at dei tar det til seg, slik at ingen andre skal oppleva å få ein slik nynorsk som eg opplevde, seier Ingeborg Steine Jensen.

Les også: Mette-Marit: – Vår jobb å lære prinsessen nynorsk

Ikkje første gong

Det er likevel ikkje første gong ho opplever å få dårleg nynorsk i ei eksamensoppgåve:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Hausten 2014 fekk eg òg ei oppgåve med dårleg nynorsk. Ho var ikkje like ille, men i same stilen.

Byggingeniørstudenten gir ikkje opp, og vil halda på nynorsken.

– Eg kjem ikkje til å byta til bokmål. Nynorsk er likestilt med bokmål, og det er berre for dårleg at det har skjedd, seier Steine Jensen.

Les også: Elever bruker dataoversettelse til å jukse med nynorsken

– Uhaldbart

Jorunn Simonsen Thingnes. Foto: Odin Hørthe Omdal
Jorunn Simonsen Thingnes. Foto: Odin Hørthe Omdal

Jorunn Simonsen Thingnes har skrive masteroppgåve om skrivefeil i eksamensoppgåver på Universitetet i Oslo våren 2014. Der fann Thingnes morfologiske feil, altså bøygingsfeil, i 94,7 prosent av dei 38 eksamensoppgåvene som blei gitt på nynorsk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg synest det er heilt uhaldbart at NTNU har delt ut ei eksamensoppgåve av så låg språkleg kvalitet. Ho er full av grammatiske feil! Substantiv har feil artikkel (ein framsyning, ein investering) og bøying, og det står ikkje betre til med verba. Det verste er likevel ordtilfanget. Ordbruken er gamaldags, til dels utdatert (millom, fyr, tå) og heilt på bærtur (kvisleis). Ingen studentar vil kjenne seg igjen i denne nynorsken. Mange av feila kjenner eg igjen frå gjennomgangen av eksamensoppgåver ved UiO, men ordtilfanget her skil seg altså negativt ut, seier Simonsen Thingnes.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho meiner det er eit leiaransvar å skapa eit system for å hindre at slike oppgåver blir laga og spreidde.

– Eg vil ikkje henge ut enkeltpersonen som har laga denne oppgåva. Det kan hende han har gjort så godt som han kunne – sjølv om det i dette tilfellet er vanskeleg å sjå føre seg – «kvisleis» er for karikert.

Les også: – Ei skam og ein skandale

Her ser du eksamensoppgåva som Ingeborg Steine Jensen fekk: