Dagbladet fekk kroppsverstingpris

Dagbladet nekta å stille til debatt i samband med at dei vart kåra til Årets Gullbarbie. – Feigt, meiner leiar i Press.

Dagbladet stilte ikkje opp for å ta i mot Årets Gullbarbie. I bakgrunnen står leiar i Press Karoline Steen Nylander saman med kollega Marianne Håheim.

Dagbladet stilte ikkje opp for å ta i mot Årets Gullbarbie. I bakgrunnen står leiar i Press Karoline Steen Nylander saman med kollega Marianne Håheim.

– Dagbladet er den medieaktøren som i fjor har vore best på å få ungdom til å føla seg verst.

Det er applaus i kjellaren på Litteraturhuset i Oslo når leiar i Press, Karoline Steen Nylander, annonserer vinnaren av Årets Gullbarbie.

Ingen representantar frå avisa var tilstade for å ta imot den tvilsame æra.

LES OGSÅ: «Difor er Gullbarbie sjukt viktig»

Einsidig kroppsideal og kjønnsroller

I år er sjette året Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press deler ut prisen til den medie- eller reklameaktøren som i løpet av fjoråret har vore «best på å få ungdom til å føla seg verst».

Slik vil organisasjonen kjempa mot kroppspresset som følgjer av einsidige kroppsideal og kjønnsroller som vert fremma i det norske mediebiletet.

For første gong er eit mediehus blant dei nominerte.

Dagbladet har fått mykje mediemerksemd og leia an heile vegen, tett følgt av solariumskjeden Brun og Blid.

Rekordår

Engasjementet rundt årets kåring har vore rekordstor.

12.600 personar har stemt på Årets Gullbarbie. Av desse har heile 44 prosent stemt på Dagbladet.

Både forfattar Linnea Myhre og Lørdagsrådet-programleiar Siri Kristiansen har delt bilete i sosiale medier der dei gjev si stemme til Dagbladet.

– Årets Gullbarbievinnar markerte seg gjennom fjoråret med framsider som speler på heilt feil ting, som seksualisering og gamle kjønnsroller. At ungdom ikkje er Dagbladet si målgruppe, er irrelevant når så mange tusen born og unge har stemt dei fram som versting, seier Steen Nylander, som lovar å halde eit auge med årets vinnar framover.

– Vår erfaring er at nyheitsinteressa, tema og vinklinga er avgjerande for om folk blir interessert i sakene våre. Me er særleg medvitne rundt framsidesakene som handlar om kropp og slanking, og bruker ikkje vaskebrettmagar eller syltynne modellar for å illustrere ei sak om farleg magefett, svarar kulturredaktør i Dagbladet Geir Ramnefjell til VG.no.

Kulturredaktøren tek kritikken med ro, og har sjølv spøkt med nominasjonen på sosiale medier:

Dagbladet nekta å stille

For Dagbladet var det ifølgje Nylander uaktuelt å stille til debatt og prisutdeling i regi av Press.

– Me synest det er fint at engasjerte ungdommar bryr seg om papiraviser, var kommentaren Framtida fekk frå fungerande nyheitsredaktør i Dagbladet, Hilde Schjerve, då nominasjonane til Årets Gullbarbie kom førre månad.

I innspurten av kåringa gjesta Dagbladets kulturredaktør Dagsnytt Atten i debatt med Steen Nylander.

Ramnefjell stilte seg uforståande til kritikken frå ungdomsorganisasjonen, og meinte nominasjonen verka lite dokumentert.

Dette er ikkje tilfellet, ifølgje Nylander.

Leiar i Mental Helse Ungdom Adrian Lorentsson, samfunnsdebattant Adelina Trolle Andersen og forskar Bjørn Barland stilte til debatt om kroppspress i samband med prisutdelinga.

I dei tre første månadane i 2015 telte dei elleve saker som spelte på gamle kjønnsroller, sju veldig seksualiserte saker, sju saker som spelte på einsidige ideal, 21 saker der kvite kvinner illustrerte heilt andre saker og 10 saker som hamna i liknande kategoriar.

– Me sette pris på at Dagbladet møtte til debatt i Dagsnytt 18 og er invitert til eit dialogmøte med dei. Men at dei ikkje stiller opp her tykkjer eg er litt feigt, kommenterer Nylander etter utdelinga.

Skribent i Aftenposten Si ;D, Adelina Trolle Andersen, er einig i at Dagbladet burde vore tilstades for å motta prisen.

– Dagbladet er avisene sin rosablogg, kommenterte den engasjerte samfunnsdebattanten.

Protein-debattant

På sisteplass i kåringa kom Proteinfabrikken, som har fått mykje kritikk for sosiale medier-kampanjen #drømmekroppen2015.

Salssjef Egil Berli-Johnsen var den einaste av dei nominerte som stilte til debatt i samband med utdelinga.

– Me tek dette på alvor og meiner det er betre å lytte til kritiske stemmer, enn å avfeie dei. Ungdom er ei stemme me ikkje har høyrt på. Og sjølv om eg var litt vonbroten over nominasjonen, er det best å ta det som ein mann.

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter.

Her finner du regler for kommentering.

Tor Strand, redaktør

Diskuter artikkelen her:

comments powered by Disqus

Hva kan vi bli bedre på?

Dine synspunkter er viktige i vårt kontinuerlige arbeid med å forbedre Startsiden. Derfor ber vi deg bruke cirka 3 minutter på en kort spørreundersøkelse.

Ja, jeg kan delta
Nei takk

Hilsen oss i Startsiden