26 millionar vart regnbogefarga

«Terminator»-stjerne og tidlegare guvernør i California Arnold Schwarzenegger og skodespelar Elizabeth Banks er blant kjendisane som framleis har eit regnbogefarga er blant kjendisane som framleis har eit regnbogefarga profilbilete.
«Terminator»-stjerne og tidlegare guvernør i California Arnold Schwarzenegger og skodespelar Elizabeth Banks er blant kjendisane som framleis har eit regnbogefarga er blant kjendisane som framleis har eit regnbogefarga profilbilete. Foto: Facebook
Artikkelen fortsetter under annonsen

På få dagar hadde 26 millionar brukt Facebook sitt verkty for å syne at dei støttar LHBT-rettar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
  1. Førre fredag lanserte Facebook eit filter, som gjer brukaren sitt bilete regnbogefarga . Filteret vart lansert av Facebook sjølv på den historiske dagen då amerikansk høgsterett gjorde homofilt ekteskap i heile USA.

Regnbogefilteret fekk ytterlegare hjelp av at fleire byar verda over feira Gay Pride førre veke.

Les også: Siger for transpersonar i Kenya

«Slaktivisme»

Slike lågterskelkampanjar for å syna engasjement eller støtte til ei sak i sosiale medier vert kalla «slaktivisme».

Denne formen for aktivisme har fått kritikk for å vere lite engasjert, men har ifølgje samfunnsforskar Kari Steen-Johnsen noko for seg.

– Korleis du framtrer, betyr noko for deg, og i sosiale medier blir det å bytte profilbilde veldig synleg i et nettverk av menneskjer du held deg til. Facebook er ein viktig kanal for å mobilisera til demonstrasjonar på gata òg. I samband med ei befolkningsundersøking om bruk av sosiale medier gjennomført i 2012 svarte folk at dei meiner Facebook er ein viktig kanal for å skapa merksemd. Slike aksjonar kan altså være kopla til eit reelt engasjement, sjølv om det kan vere flyktig og folk lett bevegar seg til neste sak, seier Steen-Johnsen til avisa Vårt Land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilsvarande kampanjar såg me i Noreg etter 22. juli då mange sette ein logo med det norske flagget i på profilbiletet sitt eller då mange bytta profilbilete til eit svart lerret med teksta «Je suis Charlie» etter terroråtaket på Charlie Hebdo i januar i år.

Les også: Vil bryte med Moskva

Russisk motsvar

Regnbogeflagget har fått mykje støtte frå profilerte kjendisar som skodespelar og politikar Arnold Schwarzenegger, skodespelar Elizabeth Banks og Facebookgründer Mark Zuckerberg.

I andre delar av verda har kampanjen vekt motreaksjonar.

Ei russisk nettside oppmodar brukarane til å pryda profilbiletet sitt med landets fargar.

Saka vart først publisert hjå Framtida.no