Nyvald nestleiar i ApTajik: – Hadde eg møtt den 12-åringen eg ein gong var, ville eg sagt dette

Hadia Tajik er innstilt som nestleiar i Arbeidarpartiet av ein samla valkomite. Foto: Ap
Hadia Tajik er innstilt som nestleiar i Arbeidarpartiet av ein samla valkomite. Foto: Ap
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Livet har lært meg korleis mistenkeleggjering og framandgjering kjennest, seier Hadia Tajik. Måndag blei ho innstilt som nestleiar i Noregs største parti.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei samrøystes valnemnd i Arbeidarpartiet går inn for Hadia Tajik og Trond Giske som nestleiarar.

Det vart klart da komitéleiar Martin Kolberg la fram komitéinnstillinga ved 14-tida måndag.

– Etter den beste vurderinga til valkomiteen speglar innstillinga dei hovudstraumane og meiningane som organisasjonen vår har gitt uttrykk for. Innstillinga er eit resultat av ein brei demokratisk prosess, seier Kolberg i ei pressemelding.

Test deg sjølv: Kva veit du om Arbeidarpartiet?

– Ein gong i tida var eg deg

Ein tydeleg takksam Hadia Tajik skreiv dette på Facebook-profilen sin etter kunngjeringa:

«Livet har lært meg korleis mistenkeleggjering og framandgjering kjennest. Det kjennes rått, som ein kald vintardag. Nakent, som i eit ope landskap. Det kjennest som å stå i sterk vind utan le.

Det veks opp unge i Noreg i dag som fryktar at dei aldri vil få tillit.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg tek ikkje tillit som ein sjølvfølgje.

Men kunne eg reist tilbake i tid og møtt den 12-åringen eg ein gong var, ville eg sagt til ho: Du kan bli kulturminister. Leiar av justiskomiteen. Nestleiar i Arbeiderpartiet. Eg veit du ikkje trur meg no, men du kan faktisk det.

Og til dei som er unge i dag og kjenner at dei ikkje høyrer til nokon stad, vil eg sei: Du høyrer til. Ein gong i tida var eg deg. Neste gong er du meg, eller sjølvsagt: Betre, sterkare, modigare. Eg veit du ikkje trur det no, men denne framtida ligg framfor deg. Jobb for ho, strekk deg etter ho. Den eg er i dag, og ho eg ein gong var, vil takke valkomiteen for å ha innstilt meg som nestleiar i Arbeiderpartiet. Eg er takksam for alle dei som har føreslått og heia på meg. Arbeiderpartiet har mange dyktige damer og menn og eg er stolt over å ha vore aktuell til dette vervet saman med dei.Landsmøtet avgjer til slutt, i april. No er eg klar – viss partiet vil ha meg.»

Les også: Korleis vart du du, Hadia Tajik?

Stenseng blir partisekretær

Arbeidarpartiet møtest til landsmøte i Oslo frå 16. til 19. april. Då blir det klart om innstillinga frå valkomiteen får fleirtal.

Komiteen foreslår Tajik og Giske som nestleiarar og partileiar Jonas Gahr Støres nærmaste. Kjersti Stenseng er foreslått som ny partisekretær.