Flygebrettet er her

Artikkelen fortsetter under annonsen

25 år etter «Tilbake til fremtiden II» er det blitt verkeleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I spelefilmen «Tilbake til fremtiden II» frå 1989 brukte hovudfiguren Marty McFly eit flygande rullebrett på tidsreise – ein «hoverboard». No er flygebrettet her endeleg.

Oppfinnarparet Jill og Greg Henderson har laga eit skateboard som svever over to-tre centimeter over bakken. Det skjer ved hjelp av magnetisme, og derfor verkar brettet berre på leiande overflater, slik som kopar.

Moroa varer likevel ikkje så lenge av gongen. Batteriet går tomt på eit kvarter. Og prisen er ikkje billegg: rundt 65.000 kroner, ifølgje nettstaden Kickstarter.

Produsenten Hendo har òg planar om å byggja ein eigen flygebrettbane med overflater som eignar seg til bretta.

LES OGSÅ: Tesla-gründer vil ha tog som går i 1200 km/t

Inspirert av jordskjelv Ifølgje New York Times blei Greg Henderson inspirert til å laga flygebrett-teknologien etter det store jordskjelvet i California i 1989. Han tenkte då at om bygningar kunne sveva over bakken, ville det ikkje bli så store øydeleggingar under eit jordskjelv. Henderson innrømmer at arbeidet med flygebrettet er ein del av pr-stunt for produkt retta mot byggjeindustrien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Viss ti personar oppdagar at det kan vera ein annan bruk av denne teknologien, så er det blitt ein stor suksess, seier han til avisa.

Første gong ein tok i bruk sveveteknologi var i eit tog i Hamburg i 1979. Verdas raskaste tog, Maglev-toga, bruker i dag denne teknologien.

LES OGSÅ: Lyntog tar over på den transsibirske