Klart for sex-veke på norske skular

Veke 6 blir ei veke med seksualundervisning i fokus. Foto: Colourbox.com
Veke 6 blir ei veke med seksualundervisning i fokus. Foto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sex står på timeplanen for minst 47.000 norske elevar den komande veka.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då startar nemleg undervisningskampanjen «Uke sex» i regi av Sex og Politikk – Foreningen for seksuell og reproduktiv helse. Målgruppa er elevar frå 7. til 10. klasse, og skule over heile landet har valt å vere med.

– Målet med kampanjen er å styrke seksualundervisninga i skulen. Det må vera meir enn helsesystrer som delar ut prevensjon, for så å vera ferdig med det. Nett derfor er det viktig å tenkje tverrfagleg – seksualundervisninga bør ha ein plass i både RLE, samfunnsfag og norsk, i tillegg til naturfag, forklarar prosjektleiar Gry Stordahl.

Les også: Deler nakenbilder på Instagram

Grense

Kampanjeleiar Gry Stordahl opplever at «Uke sex» får gode attendemeldingar på norske skular. Foto: Privat Kampanjeleiar Gry Stordahl opplever at «Uke sex» får gode attendemeldingar på norske skular. Foto: Privat

«Uke sex» starta i 2011 og er støtta av Kunnskapsdepartementet og Helsedirektoratet. I år er temaet Mine og dine grenser.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Vi ynskjer å setje fokus på grensesetting og seksuelle krenkingar. Målet er å førebygge trakassering, nedsetjande språkbruk og valdtekt, forklarar Stordahl. Og legg til at dei valde tema etter førespurnader frå fleire lærarar.

– Undersøkingar syner at seksuell trakassering er eit problem i norsk skule. Hore, homo, billeg og andre nedsetjande kommentarar knytt til kropp og seksualitet er ikkje uvanleg.

Les også: Unge trakasserer kvarandre for å få sex

Forskjellar

«Uke sex» ynskjer diskusjon og refleksjon rundt ulike dilemma knytt til seksualitet. Dei trur at konkrete utarbeida opplegg, kan bidra til gode diskusjonar – utan at det vert for personleg for elevar og lærarar.

– Meiner de seksualundervisninga i Noreg er for dårleg?

– Det store problemet er at det ikkje finst gode undersøkingar om temaet. Men vi opplever at det er veldig varierande. Mange skule har gode og oppdaterte opplegg, medan vi høyrer om unge som mest ikkje har fått seksualundervisning i det heile. Det er mykje opp til kvar skule, avsluttar Gry Stordahl.

Les også: Sånn oppstod kysset