Aggressive hundar har aggressive eigarar
Viss du er eigaren av ein hund frå ein stereotypt aggressiv rase, til dømes Rottweiler, er det større sjanse for at du sjølv framviser personlegdomstrekk som sinne og fiendsleg og aggressiv åtferd, viser ny forsking frå Queens University i Belfast, i følgje ein artikkel i Livescience.
Motsett, så har du mest sannsynleg ein rolegare personlegdom viss du har ein typisk rolig hund, slik som til dømes Labrador, viser forskinga.
Les også: Forskar på sosiale nettverk hos kyr
Det typiske
Forskningsprosjektet, som vert publisert neste månad, analyserte personlegdomane til 147 hundeeigarar. Forskar Deborah Wells ved Queen’s University forklarar at forskninga fokuserte på hunderasar som typisk vert oppfatta som spesielt temperamentsfulle.
– Vi ønska bevisst å fokusere på raser som er eigd av mange ulike menneske, men som er å finne i kvar sin ende av spektret med omsyn til offentlegheita si oppfatting av temperament, uttalte Wells.
Les også: Biter betjentene
– Både schæferar og rottweilarar vert vanlegvis oppfatta som aggressive. Labrador og Golden retriever vert på den andre sida oppfatta som ikkje-aggressive, seier forskaren.
Ikkje nødvendigvis farlege
Forskarane meiner at dette kan tyde på at vi velgjer oss ut hundepersonlegdommar som er ei forlenging av oss sjølve, men at ein ikkje kan slutte frå forskningsresultata at eigarane av slike hundar er eit trugsmål for omgjevnadane eller vert trena opp til å framvise aggressjon av eigarane.
Les også:
Slik får du en barnevennlig hund
Mann angrepet av hund i Fredrikstad
Hund redder valpene fra en grusom død
Fem skoleelever til legevakt etter hundebitt
Maradona til sykehus etter hundebitt

Lesernes kommentarer
KARL MARIUS HAFSLUND
5. september 2012 - 21:00
bombe
Olja Oljanovsk
5. september 2012 - 21:11
Man blir det man "spiser" ;)
Per Beverfjord
5. september 2012 - 21:36
Var
Jan H Pedersen
5. september 2012 - 21:39
Aggrsive og redde
Robin Andersen
6. september 2012 - 10:42
Norge
Noens hobby, blir andres hverdagsplager. Sånn går det med rødgrønnt, styre. Som vasser i olje og avgifts kroner. Som de ynder og bruke til kultur tull, som for politikerne har høyere prioritet, en 2000 døde på grunn av feilbehandling hvert år. Sikkerhet for folket osv. Osv.
Kulturskatt meg i aasen, Jeg leser ikke grotmålet, så det er bortkastet.
Det dør ett språk i uka, men hobbien nynorsk skal holdes liv i, har de virkelig ikke noen viktigere oppgaver?
Dvs. det har dem, men de blir ikke prioritert. For de er mer opptatt av lullende kultursatsninger, som folket ikke vill ha engang.
Mai Gundersen
7. september 2012 - 10:07
hund og eier..