Blair og Hain advarer Paisley.

Denne veka vil både Statsminister Tony Blair og statssekretæren for direktestyre i NI, Peter Hain, kontakte leiaren for DUP, Ian Paisley, og gje beskjed om at eit kvart forsøk på å hindre danninga av

Alle dei 108 nyvalde delegatane vil i morgon møtast for første gang på Stormont Castle, der dei på tradisjonelt vis skal erklære seg som unionist, nasjonalist eller anna.

Statssekretær Hain skreiv i avisa Observer, søndag, der han advarte DUP og sa:

" Den som på nokon måte vil prøve på å strekke tidsfristen utover den 26. mars eller prøver å stoppe opprettinga av ei samlingsregjering, vil oppdage at dei vil bli utestengt og ikkje få noko form for mulighet til å få bli med på å bygge opp att dei statlege organene og få dei til å fungere. Ei slik utestenging vil medfgøre at ei kvar mulighet til å påvirke noko vil forsvinne for mange år framover.

Viss det viser seg at det ikkje er mogleg å få til ei samlingsregjering, vil Nord-Irland fortsatt bli styrt via den Britiske regjeringa, men den irske regjeringa vil få ein auke inflytelse på politikken i landet.

Etter det ein kjenner til så skal Paisley møte statsminister Blair, i London, på onsdag. Det er då forventa at Blair vil gje Paisley det same ultimatet som Hain gav han.

 

Kjelde: Sinn Fein News