Positivt val for Sinn Fein
Sinn Fein-leder Gerry Adams (t.h.) gjorde et bra valg i Nord-Irland. Foto: REUTERS / Kieran Doherty Scanpix
Sinn Fein, som er det eldste partiet i Irland og som arbeider for eit foreint Irland, har stadig fått auka sin tilhengjarskare, noko dette valet stadfestar.
Ved valet torsdag sa folket klart ifrå om at dei er lei av den ustabile situasjonen som har vore i landet, og at dei no ønskjer ei endring i dette.
Sinn Fein og DUP (Demokratic Unionist Party) har begge fått auka mandata sine.
Sinn Fein fekk til saman 28 plassar, ein auke på 2,6 prosent i forhold til førre val, og motkandidaten DUP fekk 36 seter, noko som er ein auke på 4,4 prosent i forhold til valet sist.
Både UUP (Ulster Unionist Party) og SDLP (Social Democraty Labour Party) opplevde tilbakegang, på høvesvis 7,7 prosent og 1,8 prosent. Hos dei andre partia var det berre små endringar.
Det ein no ventar på er om leiaren i DUP, Ian Paisley, vil gå inn i eit samarbeid med Sinn Fein, eller om han held fram med den same politikken. Tidlegare gav Paisley klar beskjed om at han på ingen måte var verken villig eller interessert i å samarbeide med Sinn Fein.
Sinn Fein prøvde allereie ved sist val å få til ei samlingsregjering, men vart avvist av DUP. Fleire forsøk på forhandlingar stranda.
At Sinn Fein nyleg vedtok at dei ville støtte den nye reforma innan politiet, og deira vilje til å samarbeide, kan ha vore med på å auke oppslutninga deira ved dette valet.
Kjelde: Sinn Fein News

EM 1960 - en franskmann får viljen sin
Røykfrie ansatte får ekstra fridager fra jobb
Dette bildet er historisk