Skattesøk frå åtte nettaviser stengt av Skatteetaten

Harstad Tidende og sju andre nordnorske nettaviser har i helga fått stengt tilgangen til Skatteetaten sine søkesider.

Harstad (NTB): Det er dermed ikkje lenger mogleg å søkje i skattelistene via dei nordnorske nettavisene.

Redaktørane rasar, men Skatteetaten viser til ligningslova som fastset retningsliner for offentleggjering av skattelister.

Utestengninga gjeld nettavisene til Harstad Tidene, Folkebladet, Tromsø, Framtid i Nord, Altaposten, Brønnøysunds Avis, Helgelands Blad og Saltenposten.

Skatteetaten grunngjev stengninga med stor trafikk fra ip-adressa som vert nytta. Derfor er det mistanke om nedlasting, og dermed har etaten adgang til å stengje søkefunksjonen «for å hindre at skattelistene er tilgjengelege etter utleggsperioden».

Redaktørane og dei nettansvarlege i dei åtte avisene blei varsla i ein e-post seint laurdag kveld om avgjerdsla. (©NTB)