Seniorpengar bak hytteboomen

Det er aldersgruppa 50 pluss som er årsaka til gjeldsveksten i hushaldningane.

(NPK): Milliardar av lånte kroner er pumpa inn i hyttemarknaden dei siste seks åra.

Når bustadlånet er nedbetalt går svært mange i banken og tek opp eit nytt bustadlån, denne gongen til hytte.

- Det er ingen tvil om at kjøp av fritidsbustad er ei viktig forklaring, seier Åsmund Skår, sjef for privatkundar i DnB Nor, til Dagens Næringsliv.

Truleg har godt over 100 milliardar kroner gått til finansiering av hyttekjøp de siste seks åra, viser reknestykket til DN på bakgrunn av ei undersøking frå DnB Nor.

DnB Nor-undersøkinga viser at personar i aldersgruppa 50 år og oppover har auka gjelda med 132 prosent i perioden 1999 til 2005.

Rundt 28 prosent av DnB Nors utlånsvekst i denne perioden er kome i aldersgruppa 50 år og oppover. (NPK)