Marianne Mjaaland: «13.uke» , (Gyldendal Forlag 2008)Ukultur i helsenoreg

Ukultur i helsenoreg
Ukultur i helsenoreg
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Legar ser på seg sjølv som overmenneske

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Sjukehusnoreg er ikkje eit sunt miljø å jobbe i. Legar er menneske som er vande med å lukkast og som har streba seg oppover. Dei er ei slags gruppe «übermensch», med eit svært sterkt sjølvbilete, meiner Marianne Mjaaland.

- Denne yrkesgruppa har trent mykje på suksess, og dermed er det også vanskeleg å innrømme det når noko går gale. Det blir sjølvsagt stilt store krav til helsevesenet, for det å vere lege er eit stort ansvar. Men det er også ein læringsprosess, og når det går gale må ein vere audmjuk.

Marianne Mjaaland er tidligere kirurg, anestesilege, journalist og psykiater. I dag arbeider ho innan lekjemiddelindustrien.

No er ho og aktuell med bok nummer to i serien om Vera, som arbeider som kirurg ved eit norsk sjukehus.

Hardt ut mot tidlegare kolleger

Mjaaland fortel at sjukehusmiljøet i Noreg er særeigent og det difor kan vere vanskeleg å innrømme feil, når det først skjer. Slik går det til at dei pårørande ikkje alltid får vite heile sanninga om kva som skjer innanfor veggane på eit sjukehus.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er sjølvsagt ubehageleg for alle, både lekjarar, pasientar og pårørande, at det skjer feil ved eit sjukehus, nesten alltid går det jo bra. Eg meiner helsevesenet i dag har fått problem med å dokumentere når noko går gale, nettopp på grunn av at det er vanskeleg å stå for det som har skjedd. Men eg trur og at det kan bli meir synleg etterkvart, legg ho til.

Då Mjaalands første bok «Unaturlig dødsfall meldes» kom, førte skildringane av sjukehusmiljøet til at fleire av hennar tidlegare kollegaer vart forbanna. I «13 uke» skjer det både legale og illegale abortar. Og skildringane av både abortane og sjukehusmiljøet inneheld mange kjenslestyrte avgjerdsler, blod og vanskelege val

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Abort som kvardagssyssel

- Ja, sjølvsagt har eg utført abortar sjølv. Og det gjer meg sjølvsagt ingenting. Det er kvardagsleg. Tenk over det sjølv; ville du ha foretrukke ein lege som hadde blitt emosjonelt involvert i dine avgjerdsler som pasient? Det hadde aldri gått. Ein blir profesjonalisert sjølv om ein ikkje blir avstumpa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Som Vera er også ho gift. Mannen til Marianne Mjaaland er også kirurg, og dei har i tillegg arbeidt på same sjukehuset.

- Det er ikkje så vanskeleg å skjøne at sjukehuset som blir skildra er Universitetet i Tromsø, der eg jobba før. Men det er jo ikkje dei same folka eg skriv om, sjølv om miljøet jo er veldig likt. Dei fleste av personane i bøkene mine stammar faktisk frå meg sjølv. Eg er litt Vera, litt Anna, og så vidare. Det er jo mine bilete og mine erfaringar eg skriv om, vedgår ho.

Provoserar

Etter mange år innan helsevesenet har ho gjort seg opp nokre tankar om både legeyrket og helsevesenet generelt. Og sjølv om Marianne Mjaaland skildrar sjukehusmiljøet så ekte at tidligare kollegaer blir forbanna, og ho glatt innrømmer at det både handlar om knulling i bøttekott, sjalusi og intrigar også i røyndomen, avkrefter ho at historiene ho har skrive er henta frå det daglege livet.

- Nei, «13 uke» kjem ikkje innanfor genren legeroman. Til det er den for blass. Det som skjer i det verkelege livet kan eg ikkje skrive om. Eg ville aldri ha blitt trudd om eg hadde skrive om kva som verkeleg skjer. Det ville ikkje lesarane tåle.

Les bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur