Ronnie M.A.G Larsen: «Offa – Forteljingar frå ei øy» (Cappelen Damm, 128 sider)Bygdelektyre i utakt

Bygdelektyre i utakt
Bygdelektyre i utakt
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er trommisen i «The Margarets» bitter på si eiga øy?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når perkusjonisten i The Margarets gir ut plate får han automatisk litt ekstra merksemd. Naturlegvis, ettersom ein er kjend frå før, og kan tromme på fleire trommer. Multikunstnar eller ei, Ronnie M.A.G Larsen syner i «Offa - forteljingar frå ei øy» at han ikkje har gløymt kvar han er ifrå.

Bokdebuten til Larsen har fått mykje merksemd. Forfattaren la tidleg ut utdrag frå boka på Facebook, både for å heidre ei eiga gruppe som kalla seg: «Vi som gleder oss til Ronnie M.A.G. Larsen sin debutroman» og for å skilje seg ut, ifølgje intervju i VG. Og trebarnsfaren har mange jarn i ilden: litteraturfestival i fjøresteinane, full fres med «The Margarets» og no altså debut som forfattar.

Fiksjon eller fakta?

Sunnmøring ved sin lest eller ei, Larsen er i alle fall spandabel i forteljingane frå Øya han sjølv er frå. Giske ligg i havgapet på Sunnmørskysten og ifølgje «Offa - Forteljingar frå ei øy» bur det fleire enn ein som er underleg og gråsprengd på Øya. Fitte-Per, Sladre-Guri, Galne-Perry og dei andre som har funne sin plass her, har flust av både kallenamn og skavankar på sjel og sinn. Og slikt blir det underhaldning av. Larsen sine «fiktive» historier er lett gjenkjennelege. Det er mykje skit som driv i land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Her møter vi tyskerungen som har blitt utstøtt eit heilt liv og først får oppreising ved hjelp av kong alkohol og Arne Treholt. Ein skummel neger kjem til øya for å selje bøker og får innbyggjarane til å pisse på seg. I ei gravferd er systra som reiste til Amerika tilbake med krokodilletårer, og vi treff gamlekjærasten som er horekunde og bygdetulling i tigerstaden og heime på vitjing. Mangt og meir fortel Larsen, om krydder i kvardagen og gamle skrømt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tvetydig

Fleire av historiene i novellesamlinga er til å slå seg på låret av, og inneheld skildringar ein ekte bøgdis lett kan kjenne att. Det er mykje bygdehumor sett i perspektiv frå ein utflyttar, som Larsen tek på kornet og som her kjem ut i all si prakt. I tillegg ender fleire av historiene med sjeldne tvistar ein kanskje ikkje hadde rekna med ut ifrå utgangspunktet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men «Offa - Forteljingar frå ei øy» er ikkje berre lett underhaldning. Mykje av innhaldet har meir enn ei tyding. Så skal ein gråte eller le? Bygdetroll og jantelov går hand i hand og dukkar opp i bakgrunnen titt og ofte. Til tider gjer det berre vondt å lese. Fleire av personane i forteljingane hadde hatt godt av å gjere som Ronnie M.A.G Larsen: ta seg ein tur og sjå på verda utanfor. Forgubbing, forbygding og lite opplysning? For i tillegg til sjarmerande bygdeorginalar, vitnar historiene også om sirompa uvett, trongsynte og enkle menneske utan stand til å ta til seg impulsar utanom øya si eiga sandkasse. Til tider får ein kjensla av at Larsen sjølv distanserer seg frå sirkuset.

Sakn eller ikkje

Ronnie M.A.G Larsen skriv historier om si eiga øy som gir blanda kjensler. Boka inneheld ei salig blandig av både uthenging og eit bittert gjensyn med eit samfunn som er ein storleik for lite. Samstundes får ein eit kjærleg tilbakeblikk og eit fargespekter på originalitetar i utkant-Noreg som er sårt sakna i storbyen. Har Ronnie M.A.G Larsen blitt for stor for Giske? Lengter han tilbake eller er det Giske som ikkje har plass til dei som stikk seg ut? Kanskje er han óg litt bitter?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om det er mange interessante - om enn ikkje så flatterande - observasjonar frå Øya i vest, blir det til tider litt for opplagd og mykje gjentakingar i dei ulike novellene. Rytmen sviktar, og i nokre noveller slepp Larsen øya og livet der litt for tidleg, med manglande klimaks som resultat. Spørsmåla er mange når siste side og novelle er slutt.

Les meir om Ronnie M.A.G Larsen her:
Myspace/Ronniemaglarsen

The Margarets

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur