Jenny Downham: «Før jeg dør» (Gyldendal Forlag, 265 sider, omsett av Anita Reisvold)Kva står på din agenda før du døyr?

Kva står på din agenda før du døyr?
Kva står på din agenda før du døyr?
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tessas livsvilje er sterk, men leukemien er sterkast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kreft har nærmast blitt ein folkesjukdom. Stadig høyrer ein om nokon som har fått sjukdomen eller andre som har måtta gi tapt for svineriet. Men sjeldnare høyrer ein historia bak. Det får ein med boka «Before I Die», eller «Før jeg dør», skriven av Jenny Downham, ein engelsk skodespelar med både spelefilmar og Poirot-episodar på merittlista.

Downham har skrive ei nær, kjensleladd og grusom historie om unge, men samtidig så vaksne Tess på 16 år som snart skal døy. Tess er ei ung, vever jente, men med ei livsvilje så sterk at det vitnar om hundre års klokskap og ei vaksen forsoning med eigen lagnad. Ei svært privat historie, som skildrar ei sorg som gjeld mange. Når ein les denne boka blir ein tvungen til å ta stilling til eigne kjensler, til sorg, glede, sjukdom, fortviling, medkjensle. Stilling til sitt eige liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Naiv livsgnist

«Før jeg dør» er rett og slett ganske så jævlig forteljing, på same tid som ho er like yndig som hovudpersonen sjølv. Når ein er 16 år, er det absurd å måtte forholde seg til sin eigen død. Tess er tenåringsjenta som er nyfiken på gryande seksualitet, som hatar og elskar foreldra sine, som debuterer med stoff og forelskar seg i naboguten.

I tillegg lagar ho ei liste over det som er viktig å gjere før ho er borte for godt.

Vi har vel alle ei slags dødsangst. Og ei slags overlevingsvilje og ein tanke om alt vi må rekke, alt vi skulle ha gjort, alle vi er glade i som vi vil vere saman med, alt vi skal oppleve før den dagen det skjer. Her blir lesaren blir tvungen til å ta stilling, for alle desse «naive» ønska på Tess si liste tvingar ein tilbake til eigen barndom då alt var usikkert, flaut og spanande. Og til ein alder då ein skal sleppe å tenke på døden. Downham pirkar i vond materie. Lista til Tess blir eit naivt substitutt for livsgnisten som ebbar ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tess har dårlig tid til det ho aller helst vil gjere, som nettopp er å leve. Så medan ho jobbar seg nedover listasom ho så gjerne vil fullføre før ho døyr, blir lesaren så engasjert i den trassige jenta at ein heiar ho vidare og klamrar seg til håpet om at ho skal lukkast.

Sårt og vondt

Jenny Downham fekk strålande kritikkar for «When I Die» når boka fyrst kom ut, noko som er svært forståeleg. Forteljarteknikken skaper ei særeigen nærleik til hovudpersonen. Boka er skriven i ei slags dagboksform, det er heile tida Tess som er den bærande stemma i boka. Men ut frå reaksjonane til dei rundt ho, tidshopp i forteljinga, måten kapitla er inndelte på og lengda på dei, som varierer i takt med livsstyrka og dei gode og dårlege dagane til Tess, kjem det fram ei historie som fortel meir enn den som står på overflata. Denne lesaren satt igjen med ei sår kjensle etter endt, lesing, noko som er ein kunst i seg sjølv å få til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Før jeg dør» er ei lita perle av ei bok. Historia er enkel, så enkel at den styrkjer den sterke historia. Dette er det vanskeleg både å lese og skrive om i ettertid.

Det er ofte eg tenkjer at eg må leve i no-et. Spesielt etter at eg har tenkt meg om. Boka «Før jeg dør» får meg til å gjere nettopp dét.

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur