Miranda July: «Ingen hører til her mer enn du» (Cappelen Damm 2008, omsett av Johanne Fronth-Nygren)Sterke noveller frå multitalentet July

MIRANDA JULY. Foto frå Julys film «Me and You and Everyone We Know» (2005), der ho sjølv spelte hovudrolla som Christine.
MIRANDA JULY. Foto frå Julys film «Me and You and Everyone We Know» (2005), der ho sjølv spelte hovudrolla som Christine.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen skildrar dei småskrullete og sårbare sjelene så godt som Miranda July.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Filmskapar, forfattar og performancekunstnar Miranda July er utan tvil ei kreativ sjel med eit utal talent. Men skrivekunsten må vere ei av hennar sterkaste sider. For debutboka «No one belongs here more than you» (2007) mottok ho Frank O'Connor-prisen. No er boka klar i norsk omsetjing: 16 såre og tidvis bisarre historier der forteljaren varierer, men der det rare og skråstilte blikket på verda går igjen i samtlege tekstar.

Peepshow

Forteljingane handlar nesten alltid om kjærleik, som karakterane anten har opplevd, drøymer om å oppleve eller som dei er iferd med å miste - og som dei er villige til å strekkje seg langt for å få tilbake.

Som kvinna i «Noe som ikke trenger noe». Ho tar seg jobb i Mr. Peeps Voksenbutikk og Mer, der Mer-delen ligg lengst bak i butikken, alt for å få kjærasten Pip tilbake. «Det var intet i denne verden som ikke var bedrageri, plutselig forsto jeg dette. Ingenting betydde noe, og det var ingenting som kunne mistes», seier kvinna. Ho forvandlar seg sjølv til peepshowdronninga «Gwen», og utrusta med ein limegrøn neglisjé, parykk og dildo står ho bak ein glasvegg og kviskrar kjønnsord til menn gjennom eit telefonrør - ein jobb ho hatar, men: «jeg likte at jeg kunne gjøre den», seier ho - og viser seg ikkje å vere så skjør som ein først skulle tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tørrsvømming

Dei småabsurde innfalla som vi kjenner frå Miranda Julys prisvinnande film «Me and You and Everyone We Know» (2005) er ikkje vanskeleg å finne att i debutboka. I «Svømmetimen» held forteljaren svømmekurs for ei gruppe pensjonistar heime i sin eigen leilegheit. Deltakarane får utdelt kvar si gullfiskbolle for å trene på å halde pusten under vatn og crawlar rundt på det harde golvet:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg lærte dem alle takene jeg kunne. Butterflyen var bare utrolig, ulikt alt du noensinne har sett. Jeg trodde kjøkkengulvet skulle gi etter og bli flytende, og at de ville svømme avgårde med Jack Jack i ledelsen. Han var mildt sagt viderekommen. Han beveget seg faktisk over gulvet, med saltvannsbollen og det hele.

Dei kan verke i overkant sårbare og eksentriske mange av karakterane i novellesamlinga, men på mystisk vis er det likevel alltid minst eit korn av gjenkjenning i dei tankane dei gjer seg. July elskar tydelegvis å leike med dei halvperverse og smågrumsete sidene i menneskesinnet, og som lesar kan ein bli både flau og skamfull. Men ein føler aldri avsky for karakterane - verken for den unge kvinnelege læraren som innleier eit seksuelt forhold til sin mykje yngre elev, eller den gamle mannen sine grisete fantasiar om ei ung tenåringsjente, som viser seg å vere imaginær. For alle treng vi nokon, og alle treng vi ein stad å høyre til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skribling på kjøleskap

Trass i enkelte dødpunkt er dette ei debutbok som er såpass sjarmerande, overraskande og velskrive at du garantert vil ha trøbbel med å lausrive deg frå Miranda Julys eksentriske verd.

For å få ein smakebit av hennar boblande hjerneaktivitet, kan du gå inn på nettsida til boka, noonebelongsheremorethanyou.com, der du klikkar deg frå den eine beskjeden til den neste, som July har skribla på toppen av sitt eige kjøleskap. Eller du kan gå inn på heimesida hennar, der du må skrive inn eit hemmeleg passord for å få tilgang - men kanskje har du flaks og treff på første forsøk?

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur