Meiner Stavanger2008 bør uttale seg om byutvikling

Meiner Stavanger2008 bør uttale seg om byutvikling
Meiner Stavanger2008 bør uttale seg om byutvikling
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Åra som kjem etterpå er viktigare enn sjølve kulturbyåret. Det er lett å halde festen, men vanskeleg å bygge den langsiktige kulturbyen, seier kunstnaren Trond Hugo Haugen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Opningsfesten:

Kunstnar Trond Hugo Haugen meiner Stavanger2008 må sjå lenger enn kulturbyåret. Her frå den store opningsfesten tidlegare i år. (Foto: Toyni Tobekk).

Biletkunstnaren Trond Hugo Haugen frå Stavanger står bak initiativet Stavanger2018 og ikkje minst kampanjen «Ka då ittepå». Målet er å fokusere på kva som skjer etter at festen er over, korleis ein kan få noko langsiktig ut av kultursatsinga.

- Stavanger2008 har eit stort ansvar for at ein skal få bygge den kulturbyen alle snakkar om. Men dei infrastrukturelle endringane ligg på det politiske bordet, seier kunstnaren til ABC Nyheter og legg vekt på at ein no må få til konkrete endringar som vil styrke kulturen i regionen.

Trond Hugo Haugen meiner Stavanger2008 bør uttale seg politisk. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)Trond Hugo Haugen meiner Stavanger2008 bør uttale seg politisk. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)

Må bli ein tydeleg aktør

- Stavanger2008 har aldri våga å ta jobben med å meine noko om byutvikling, utover det å bygge trehus. Eg trur ikkje dei ser det politiske presset som ein del av sin aktivitet, og så lenge organisasjonen er eigd av politikarane sjølve, vert dei ikkje ein fri aktør. Kanskje burde Stavanger2008 vore organisert som ei stifting for å bli meir uavhengige, påpeikar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kanskje kunne dei gitt fem markante personar frå Stavanger ein – eller fem – millionar kvar til å lage eit prosjekt om byutvikling , undrar kunstnaren.

Haugen meiner ein først og fremst må sikre eit kommunalt kjøp av dei gamle brygerilokala Tou scene, og å få på plass atelier til kunstnarar i Stavanger. Og etter hans meining burde Stavanger2008 bli ein tydelegare aktør ved å fremje desse sakene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bør sjå resultat i 2010

Kampanjen «Ka då ittepå» trykka i fjor opp 600 t-skjorter med prosjekttittelen på som dei delte ut til kulturarbeidarar, kunstnarar i alle sjangrar og folk i utelivet. Målet var å gjere folk nyfikne på kva dette var. På hausten vart det arrangert eit program på Rogaland Kunstsenter og Tou scene der det var samtalar, diskusjonar og presentasjon om kva åra etter kulturbyåret ville by på.

- Eg trur kampanjen har bidrege til at Stavanger2008 i sterkare grad frontar langtidsverknadene no, og at dei pratar meir om åra etter. Det har også ført til at folk er med på å diskutere kulturbyprosjektet, også dei som elles ikkje ville engasjert seg.

Det vil ta tid før ein kan sjå om kulturbyåret har hatt noko verknad på kultursatsinga i oljebyen, meiner Haugen.

- Men allereie i 2010 bør me sjå eit høgare besøk på kulturinstitusjonar og resultat av dei kommunale planane.

Les meir om prosjektet til Trond Hugo Haugen på nettsidene til Stavanger2018.