Maria Sveland: «Bitterfitte» (Versal 2008, 223 sider, omsett av Nina Aspen)Bitter fitte flyktar frå familiehelvete

Journalisten Maria Sveland er aktuell på norsk med si debutbok «Bitterfitte», som handlar om kampen om å bli likestilt utan å bli bitter. (Foto: Maja Suslin / SCANPIX)
Journalisten Maria Sveland er aktuell på norsk med si debutbok «Bitterfitte», som handlar om kampen om å bli likestilt utan å bli bitter. (Foto: Maja Suslin / SCANPIX)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bitterfitta avslører kjærleiksløgner og moderskapsmyter.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utgangspunktet for svenske Maria Svelands debutbok «Bitterfitte» er dette:

Korleis skal vi nokon gong klare å få eit likestilt samfunn når vi ikkje ein gong greier å leve likestilt med den vi elskar?

Svelands alterego Sara reiser aleine til «teite Tenerife», fordi ho er «så jævla sliten, så stygg, så jævla sint», og fordi ho lengtar etter den store, frie einsemda, utan mann og barn.

Sara er berre 30 år, men akk så bitter. Ho er faktisk ei ordentleg bitterfitte, på god veg til å bli ei skikkeleg kjip kjerring, av typen som fresar til deg fordi du står i vegen for dei ved frysedisken på Rimi og som ser så nitriste og mugne ut at du skulle tru dei bar all verdas synder på sine skuldre.

Kjærleiksmyten

Sara les klassikarar av Erica Jong og Suzanne Brøgger og drøymer om å leve på syttitalet, då ein som kvinne kunne knulle i veg, gå i terapi, feste og dope seg og delta i ein «stor, feit kvinnebevegelse». Sjølv voks ho opp på det antifeministiske åttitalet, «der alt var mørkeblått, til og med maskaraen».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tida på Tenerife brukar ho til å leite etter svar. Sara minnast barndommen i ein dysfunksjonell arbeidarklassefamilie, moras bøygde rygg over oppvaskbenken, den oppfarande, nesten alltid fråverande faren, som sat oppe og grein om nettene. Sterke, velskrivne skildringar, som verkar å vere sjølvbiografiske i forma. Sara kjenner att den vonde familiestrukturen i sitt eige forhold, i alle dei ulukkelege kvinnene ho ser rundt seg, og innser at det er giftarmålet og framfor alt moderskapet som har forvandla ho til ei bitterfitte.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Erkjennelsen av hvor skyldbetynget morsrollen er, at den blir tatt for gitt og er full av krav sammenlignet med farsrollen, får meg til å bli ei misunnelig bitterfitte. » Det kjem fram at Sara ikkje heilt forstår sjølv kvifor ho valde å gifte seg berre 23 år gammal - når ho ikkje kjenner til eit einaste lukkeleg ekteskap, og når ekteskapet er «ein institusjon som ber seg hundrevis av år med kvinneundertrykking», som ho seier.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sara innser at ho har latt seg lure av det ho kallar «kjærleiksmyta»: at ho som alle andre har lulla seg inn i ei løgnaktig kjærleiksboble og levd etter ein undertrykkjande kjærleiksideologi, tilsmussa av romantiserte, Hollywoodskapte forventningar.

Ho er bitter fordi alle vernar om denne kjærleiksløgna; som i realiteten inneber at kvinner gjer meir enn menn for å ta vare på heim og barn; og at så mange par inngår ein stille overeinskomst om at det skal heite «personleg val» når kvinna bekvemt nok går ned til halv stilling, når det i realiteten er om å kopiere eit overordna kjønnsrollemønster.

Det store sviket

Hennar eigen illusjon om å leve i eit likestilt parforhold, forsvann etter at ho fekk barn. «[I]ngenting har vært så smertefullt, så fryktelig bitterfitte-medvirkende som å bli mor. Av alle myter er nok det hellige morsbildet det falskeste,» seier Sara, som blir forvandla til eit ugjenkjenneleg, hormonsprengt og angsfylt vrak etter å ha fødd sonen sin, og ho innser at det er ho som blir rekna som hovudansvarleg for det krevjande vesle nurket, endå ho i utgangspunktet veit like lite om det som det pappaen hans gjer. Men pappaen er oppteken av sin nystarta karriere som teaterregissør og blir borte i vekeslange prosjekt. Sara kjenner seg svikta - var det slik det skulle bli?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Som roman minnar «Bitterfitte» om syttitalets bekjennelsesromanar á la Brøgger og Jong. Sara er sjølvutleverande og skriv utan blygsel om sine seksuelle erfaringar, om skamma ho kjende som kåt tenåring og sitt eige «mislukka» familieliv. Men «Bitterfitte» er ikkje berre mensen og tristesse: Dette er også ei svært vakker bok om dei slitesterke kjærleiksbanda som faktisk finst i den vesle kjernefamilien.

Obligatorisk lesing

Og til alle menn som no tenkjer at dette er ei bok dei aldri kjem til å lese: «Bitterfitte» er mest av alt ei sylkvass politisk analyse av dei strukturane vi alle meir eller mindre medvite byggjer opp under med dei vala vi tar. Det personeleg er i høgste grad politisk, og på svært truverdig vis spenner Sveland bein under både morsmyta og den moderne kjærleiksideologien.

Har ein først sett verda gjennom feministiske briller er det dessverre vanskeleg å ta dei av seg igjen, for det kan vere ubehageleg å få livsløgnene sine avslørt. Men uansett kor vondt det gjer, så vil ein vel som Keanu Reeves i The Matrix heller velje å sjå verda slik ho faktisk er, enn å halde fram med å leve i ei slags parallell drøymeverd?

Det burde bli obligatorisk for alle komande foreldre å lese Maria Svelands «Bitterfitte» - så unngår ein kanskje sjølv å hamne i bitterfittefella.

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur