Postgiro-romanen

Arne Hurlen, vokalist i Postgirobygget, er ikkje redd for å ta opp tøffe tema i si nye barnebok. (Foto: Kari M. Hestad)
Arne Hurlen, vokalist i Postgirobygget, er ikkje redd for å ta opp tøffe tema i si nye barnebok. (Foto: Kari M. Hestad)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Har den bokaktuelle vokalisten i Postgirobygget eit aldri så lite Jo Nesbø-kompleks?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arne Hurlen (37) debuterer i desse dagar med barneboka «Ingen dør i Hammerdalen».

På turné

- Eg tenkte ut karakterane og historia i turnébussen på slutten nittitalet. Det meste var klart før eg byrja å skrive. Men då eg var ferdig, la eg berre forteljinga ned i ei skuff og tenkte ikkje noko særleg meir over det. Så dukka manuskriptet opp igjen under ein ryddesjau, og eg viste det til ein kompis av meg.«Eg sender det inn uansett, anten du vil eller ikkje», sa han.

Og slik blei det. Etter berre to veker hadde heile seks forlag tatt kontakt med Hurlen:

- Det var overraskande. Responsen har vore overveldande, fortel han.

Nye Nesbø?

Som journalist er det sjølvsagt fristande å trekkje parallellar mellom Arne Hurlen og ein annan skrivande norsk artist, nemleg Jo Nesbø. Nesbø starta karrieren som vokalist i Di Derre - ei gruppe med eit låtemateriale i same feelgood-gate som Postgirobygget. Dei siste åra har han som kjend gjort det vel så skarpt med sine seks krimbøker om Harry Hole.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Også Nesbø har vore barnebokaktuell i haust, med «Doktor Proktors prompepulver».

Det ville difor ikkje vere unaturleg om godaste Hurlen sleit med eit aldri så lite Jo Nesbø-kompleks?

- Er du den nye Jo Nesbø, Arne Hurlen? spør den tanketomme journalisten.

- Hyyyyysj. Han sit rett bak oss, kviskrar Arne Hurlen, og viser med eit diskret blikk kor suksessforfattaren befinn seg i lokalet.

Og sanneleg. Borte ved veggen, på Kaffebrenneriet i Bogstadveien, sit Jo Nesbø og gøymer seg bak eit par solbriller med oransje glas, og med nasa djupt nedi kaffikoppen og Dagbladet. Med militærfarga klede går han nesten i eitt med omgjevnadane. Men berre nesten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir nokre pinlege sekund med stillheit.

- Nei nei, sånn tenkjer eg ikkje i det heile tatt, forsikrar Hurlen så. - Men eg er glad eg ikkje skal debutere med krim. Eg har ikkje lyst til å skrive krim.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg er mest mest oppteken av historieforteljinga. Eg er ein audmjuk debutant. Dette er mi første bok, eg håpar sjølvsagt eg kan bli betre som forfattar. Og eg har stoff nok til fleire bøker. Forteljinga om Gordon og vennane hans er ikkje avslutta.

Sjølvskading

«Ingen dør i Hammerdalen» handlar om elleveåringen Gordon Sæther som bur saman med mor si ein stad langs norskekysten. Han saknar ein pappa og ønskjer seg ein hund. I løpet av dei fire vekene handlinga i boka utspeler seg, er det mykje dramatikk i Gordons liv. Mordbrann, sjølvmordforsøk, mystiske, magiske hattar og dramatiske flåteturar.

- Litt spesielt å skrive om sjølvmordsforsøk og sjølvskading i ei barnebok?

- Eg vurderte om det var for drøyt å ta det med, men så tenkte eg: Kvifor skal eg la vere? Då Astrid Lindgren skreiv om døden i «Brødrene Løvehjerte» på syttitalet, blei det eit ramaskrik. Vi har kome lenger i dag, men framleis er det tabu å skrive om sjølvmord blant unge. Men det er i 10-11-årsalderen at psykiske problem startar. Ein skal ikkje overbeskytte ungdommen, eller undervurdere dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vulgær og morbid

Arne Hurlen innrømmer at han har ein hang mot det makabre og at han likar sterke verkemiddel, noko som ofte blir misforstått:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi pusha grenser med tekstane våre i Postgirobygget på slutten av nittitalet. Eg hadde ein tendens til å skrive småvuglære, morbide tekstar, noko som ikkje var vanleg innanfor den radiovennlege popmusikken den gongen. Som i låta «Under isen». Teksten skildrar ei jente som druknar vinterstid. Mange jenter blir provoserte av teksten, og viser meg fingeren under konsertar. Men eigentleg handlar songen om eit kjærleiksforhold som har gått i stykker, og isen er eit bilde på isfronten mellom dei to. Det er det ikkje mange som har skjønt, forklarar Hurlen engasjert.

Postgirobygget har til no selt 70 000 eksemplar av plata «Tidløs» som kom ut i vår. Hurlen reknar ikkje med eit like overveldande sal av debutboka.

- Ungdomslitteraturen er ein smal sjanger. Ei vanleg utgjeving sel ikkje i meir enn 200 eksemplar. Sel ho i 1000, er det ein suksess. Om ikkje ho blir ein «snakkis» då, og det håpar eg sjølvsagt, seier den nybakte forfattaren.

ABC Nyheter Litteratur