Kulturpolitikk er ut

Kulturpolitikk er ut
Kulturpolitikk er ut
Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre 3,7 prosent av ordførarane meiner at kulturpolitikk er den viktigaste oppgåva for kommune-Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
FOTO:

Skodespelar Kjersti Sandal er eit av mange døme på at ein får nytta sine talent på grunn av offentleg kultursatsing.

Berre 3,7 prosent av ordførarane meiner at kulturpolitikk er den viktigaste oppgåva for kommune-Noreg. Det er samferdslepolitikk politikarane meiner er viktig. Heile 37 prosent av dei fremste folkevalde i kommunane meiner det er den viktigaste oppgåva.
- Bortimot sjokkerande, seier leiar i kulturforbundet, Lena Hillestad.

Resultatet kjem fram i ei kartlegging mellom 100 ordførarar i små og mellomstore kommunar som Norsk Plan as har utført for ABC nyheter.

Kartlegginga syner at 60 prosent av ordførarane meiner at næringspolitikk og samferdslepolitikk er dei viktigaste oppgåva kommunane steller med.

Eldrepolitikk meiner berre 14 prosent av ordførarane er viktig, trass i at storparten av kommuneøkonomien går med til å gje innbyggjarane eit tenestetilbod for nettopp denne gruppa.

Grell kontrast

Lena Hillestad, leiar i kulturforbundetLena Hillestad, leiar i kulturforbundet

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

At berre snaue fire prosent av dei spurde trekkjer fram kultur står i grell kontrast til dei mange festtalane om kor viktig kulturen er for kommunane, meiner Hillestad.

Mange meiner det er som å slå inn opne dører å seie at kultur er viktig. Svært viktig for alle innbyggjarane anten ein er gamal eller ung, understrekar ho.

- Men diverre ser me at det er kulturområdet som først blir kutta i når dei økonomiske prioriteringane kjem på dei folkevalde sitt bord, seier Lena Hillestad.

Meir fritid

Kulturforbundet meiner at kultur som verkemiddel i alle sektorar vil redusera andre utgiftspostar. Ei medviten integrering av kultur, anten det er i skulen eller eldeomsorga, vil gje effekt i meir tilfredse brukarar og ofte mindre sjukefråvær.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Og ikkje minst for å fylle folk si fritid med kultur i ei tid der fritida blir større og viktigare, legg ho til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

To sider av same sak

Arne Vinje, ordførar i Vinje kommuneArne Vinje, ordførar i Vinje kommune

Ordførar i Vinje, Arne Vinje, har vore med i kartlegginga og prøver å forstå resultatet. Det er ikkje sikkert at kultur er den viktigaste oppgåva, meiner han.

- Ein må ha arbeidsplassar, og då må ein aktiv næringspolitikk på plass. Det heng ofte saman med ein god samferdslepolitikk.

Men det betyr i neste hand at ein må ha ein aktiv kulturpolitikk for dei som vel å bu her. Derfor er det sjølvskrive at kultur er viktig.

Og slik er det i Vinje. Det handlar om eksistensgrunnlaget for eit lokalsamfunn. Kulturen vår er skapt utan offentlege løyvingar, gjennom generasjonar. Alle bygdelag sine individuelle kulturuttrykk er det som skal til og til saman utgjer den norske kulturen.

- Det er me sett til å vera med å odla, seier Vinje.

Derfor er det viktig at kommunane satsar på sitt eige og utviklar han lokalt. På ein annan måte enn det som vil vera rett i dei store smeltediglane i dei sentrale stroka.

Fakta:

Kva er den viktigaste oppgåva for kommune-Noreg i dag?

Samferdslepolitikk 37 prosent
Næringspolitikk 22,2 prosent
Eldrepolitikk 14,8 prosent
Barne- og ungdomspolitikk 7,4 prosent
Skulepolitikk 7,4 prosent
Arealpolitikk 7,4 prosent
Kulturpolitikk 3,7 prosent

Kjelde: Norsk Plan as