Innsiktsfullt om autisme

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei sorgmunter og personleg bok som tar eit kraftig oppgjer med mytane kring autisme.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir:

Litteratur i ABC Nyheter

Litteratur på Startsida.no

«Inn med idiotene»
Originaltittel: «Send in the idiots»
Omsett av Knut Johansen
(Pax 2007, 188 sider)

I 1982 byrja fire år gamle Kamran Nazeer på spesialskule for autistiske barn i New York. Tjueto år seinare bestemmer han seg for å oppsøkje sine tidlegare klassekameratar og skrive ei bok om korleis dei ulike har klart seg i livet. Det har blitt til ei innsiktsfull og personleg beretning om autisme, der forfattaren framfor alt har sett seg som mål å reinske opp fordommar knytt til lidinga.

Kamran Nazeer si eiga historie må karakteriserast som ei suksessforteljing. Han sa ikkje eit einaste ord før han var fire, men er no utdanna jurist og har doktorgrad i filosofi og arbeider som politisk rådgivar for den britiske regjeringa.

Kommuniserer gjennom handdukker

Men det gjekk ikkje like bra med alle. I boka vitjar Nazeer tre av sine gamle kameratar, samt foreldra til Elizabeth som gjorde sjølvmord. Dataforskaren André brukar handdokkene sine når han skal snakke direkte til folk:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg ble presentert for Boo den første kvelden etter ankomsten. «Dette er Boo,» sa André da jeg sto og kikket ned i et glass vann jeg nettopp hadde skjenket opp fra kranen.
«Ikke drikk det,» innskjøt Boo. Jeg så opp. Stemmen var annerledes. Han hermet ikke etter noen, han snakket ikke en annen dialekt eller i falsett, men Boos stemme lød annerledes. Andreés stemme var flatere i tonen, eller det virket som den kom fra et sted lenger nede i halsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nazeer møter dessutan sykkelbodet Randall som skriv dikt, og Craig som er taleskrivar for demokratane. Boka er bygd opp kring desse møta, og dei refleksjonane Nazeer gjer seg undervegs. Framfor alt er dette hans forsøk på å forstå meir av seg sjølv og eigen bakgrunn: Kva er årsaka til at han har klart seg så bra, medan andre autistar må bu heime med foreldra, ute av stand til å klare seg sjølv?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren har ein bodskap som han framfører med overbevising: Det stemmer ikkje at autistar er spesielt intelligente indidvid, som kan liknast med geniar, ei myte som blant anna har slått rot på grunn av filmar som «Rain Man». Nazeer fortel korleis han som barn møtte lærarar som heile tida gjekk og venta på at han skulle foreta seg noko usedvanleg i timen, som å finne ein ny subatomar partikkel eller sitere heile kapittel frå bøker utenat, og som blei skuffa då han aldri gjorde det.

Ærleg fortald

Autisme er først og fremst ei funksjonshemming. Autistar brukar lang tid på å lære seg språk, på å forstå språkleg samhandling og tolke andre menneskers gestar og tonefall. Dette blir godt forklart. Nazeer har skrive ei ærleg bok, der han ikkje legg skjul på kva han måtte meine om ulike tradisjonelle behandlingsformer eller oppfatningar av autisme. Han skildrar korleis han sjølv framleis slit under samtalar - som han hovudsakleg ser på som «forestillingar» der ein «opptrer», og korleis han finn ro ved å klemme på ei krokodilleklemme i bukselomma.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Omsetjinga er skjemma av ein del språkleg slurv mot slutten, boka kunne med fordel ha gjennomgått ein siste språkvask. Men det øydelegg likevel ikkje lesaropplevinga, for Kamran Nazeers oppgjer med autisme-mytane er engasjerande lesing - ikkje minst når det kjem til hans skarpt analyserande refleksjonar kring geniomgrepet og amerikansk storpolitikk.

Karakter: 9 av 10