Roadtrip mot døden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det blir vel mykje motor- og bilsnakk for vår bokmeldar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Sølvpilene»
Nils Gullak Horvei
(Tiden 2007, 312 sider)

Nils Gullak Horvei har skrive ein trist og gripande roman om noko så vanskeleg som sjukdom og død.

Sigmund er ein noko svartsinna mann som står med begge beina godt planta oppi livskrisa. Kona hans dør uventa, og midt i sorga får han vite at han sjølv har svulst på hjernen og få år igjen å leve. Også den gamle far hans, som har ei fortid som fange i konsentrasjonsleiren Buchenwald, sjuknar til.

Boka er delt inn i fire delar som har fått namna: Synke (Oslo), Sitte (Tromsø) , Kjøre (Tyskland) og Sveve, som gir ei god skildring av rørsla og utviklinga i romanen.

Haltande roadtrip

Sigmund er ein mann som tenkjer best i stor fart. Difor kjøper han ein Excalibur 1969-modell for å delta i veteranbilløpet på motorsportbanen Nürburgring i Tyskland. Han tar med seg den sjuke faren og eit videokamera og legg ut på det som mest av alt minner om ein siste halsbrekkande roadtrip før døden. På vei sørover stansar dei for å vitje Buchenwald. Sigmund innser at han ikkje kjenner sin eigen far og at han aldri har fortald noko om opphaldet i fangeleiren. No står han klar med videokamera og nærmast pressar forteljinga ut av faren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sigmund har sjølv to snart vaksne søner som han ikkje står særleg nær. Nærleiken og kosen var det kona som stod for:

Hver gang Hilde kom hjem fra jobben eller en reise, drysset hun et slags magisk glitter omkring seg. Hun forvandlet en matt stemning til det motsatte med et trylleslag. Hjemmet ble som en frodig lund i en ørken. [...] Nå er det som om hjemmet er forvandlet til en halvt forlatt middelalderborg hvor det drypper fra veggene og spindelvevet glimter i lyset fra kandelabrene. [...] Jeg har aldri klart å skape noen annen stemning enn denne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar Nils Gullak Horvei. (Foto: Paal Audestad)Forfattar Nils Gullak Horvei. (Foto: Paal Audestad)

Det blir antyda at sønene oppfattar han som ufølsom, noko som har samband med korleis han handterte moras død og at han skal ha plaga familien med nokre avsindige raserianfall då sønene var små. Dette er med andre ord ein roman som i stor grad handlar om forhold mellom menn: mellom fedre og søner og mellom brødre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit anna sentralt tema i denne romanen er musikk. Framfor alt Wagner og hans Nibelungenringen. Far til Sigmund sit oppe om natta og speler Wagner på full guffe. Sonen prøver å setje seg inn i kva det er med denne musikken som fascinerer faren slik. Romanen er gjennomsyra av referansar til denne operaen. Hilde blir samanlikna med Brünhilde som kastar seg inn i flammane frå Siegfrieds likbål. Faren liknar Siegfrid, ein mann utan frykt. Også bilkøyringa blir til musikk: «Stemplene synger som et gresk kor.» Ikkje lystige tonar, med andre ord. Men det fungerer.

Maskulint språk

Nils Gullak Horvei skriv ein god og særeigen prosa. Noko av styrken ved romanen er det macho-aktige biletspråket. Forfattaren har nokre spenstige samanlikningar og språket gnistrar tidvis like mykje som Excaliburen:

Søvnen sniker seg oppover ryggmargen, brer seg ut i lungene, tar tak i tunga, napper i øyelokkene. Dirringen, duren og de fykende linjene; jeg er som en kule i et flipperspill som ruller nedover skråplanet mot søvnens mørke hull.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Språket kler hovudpersonen godt. Det får fram Sigmunds mannlege sjølvbilete, og korleis han slit med sjukdomen og skuldkjensle etter konas død.

«Sølvpilene» er ein roman som maktar å skildre fysisk sjukdom med det som er meint å vere eit maskulint, potent språk. Boka vil nok appellere meir til andre lesarar enn underteikna, som finn dei detaljerte skildringane av finessane ved Excaliburen heller kjedeleg og som ikkje klarar å dele hovudpersonen sin entusiasme når det kjem til fart og motorkrefter. Men romanen er så absolutt lesverdig.

Karakter: 6 av 10