Sånn klinar du til

Artikkelen fortsetter under annonsen

Godt kyss, vått kyss, fransk kyss eller klissete klining: Du kan lære det her.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sånn skal det gjerast. (Foto: img.oll1.com)Sånn skal det gjerast. (Foto: img.oll1.com)

Det er blitt skrive guidar til så mangt. Ein av dei heller sjeldne, men kjærkomne, er denne internettguiden til det pefekte kyss.

Internasjonal bestseljar


Amerikanaren Michael Christian hadde, som mannen han var, alltid vore interessert i kyssing. Derfor valte han å skrive ei bok om temaet med tittelen «The Art of Kissing».

Boka vart utgitt i 1991 og nesten over natta blei ho ein internasjonal bestseljar.

Nå ligg utdrag av guiden på nett.

Regulering? Guiden gir råd. (Foto: theorthodontist.co.uk)Regulering? Guiden gir råd. (Foto: theorthodontist.co.uk)

Gode råd


Nettsida Kissing.com gir informasjon om både tungekyss, vakuumkyss og lippekyss.

I tillegg gis det spesialråd om korleis ein skal få gutar til å kysse ein og korleis ein kyssar med regulering.

Til slutt er det for ordens skuld ei aldri så lita samling av ofte spurte spørsmål og svar (FAQ).

Kva ein bør unngå


Inne på FAQ blir det til dømes spurt om kva ein bør unngå når ein kyssar:

Dårleg ånde, kjedelege kyss, stillheit og for mykje tunge blir lista opp som nokre av dei verste tabbane.

Og det generelle svaret på alle moglege tabbar: humor. Le det bort, så blir det raskast gløymt, lovar nettsida.


Lykke til!

De kan takke meg seinare.


Meir om kyssing:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving