Nynorsk nettbank

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag nyopnar Sparebanken Sogn og Fjordane nettbanken sin, og no skal alt vere på nynorsk. - Bra, seier Noregs Mållag, og håpar andre bankar snart kjem etter.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlegare har kundane til banken kunne lese alle tekstar i bankportalen til Sparebanken Sogn og Fjordane på nynorsk. Det nye av i dag er at også sjølve nettbanken vil vere på nynorsk, noko som har stått høgt på ønskjelista til mange av bankkundane.

Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, er glad for at bankane syner respekt for at det er to målformer i Noreg. (Foto: Einar Schibevaag, Norsk Plan as)Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, er glad for at bankane syner respekt for at det er to målformer i Noreg. (Foto: Einar Schibevaag, Norsk Plan as)


Banksjef Hallvard Klakegg seier til Firda Tidend i dag at nynorsk var eit sjølvsagt val av språk når banken no skulle gjennomgå fleire store endringar.

Teikn på respekt


Men først ute var dei ikkje. Dei aller første bankane som valde nynorske nettbankløysingar, var Sparebanken Volda Ørsta og Voss sparebank, som båe opna for nesten to år sidan.

- Slike ting er viktig for alle nynorskbrukarar, seier dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen til Neste Klikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er eit teikn på respekt for den språksitiuasjonen me har, og det er viktig at store samfunnsaktørar syner at dei tek den alvorleg.

Også Windows


Endresen fortel at dataspråk generelt er ei sak Mållaget er opptekne av.
- Sjølv om det ikkje er nokre aksjonar i gang nett no, så har me tidlegare mellom anna stått hardt på krava om at skuleelevar skal ha tilgang til programvare på båe mål.

Mållagsleiaren gler seg over at dette arbeidet har blitt krona med hell.

- No har me kome så langt at opplæringslova er blitt endra, og elevane skal kunne få programvare på både nynorsk og bokmål, seier Endresen. At Microsoft til dømes skal lansere Windows på nynorsk i løpet av dette skuleåret, er ho også godt nøgd med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vanskeleg i det offentlege


No meiner ho tida er moden for å setje fokus på tilgangen til nynorsk programvare for folk i arbeidslivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Spesielt innafor det offentlege trur me i Mållaget det er problematisk at programvare berre finst på bokmål. Ta til dømes tilsette i helsevesenet som skal skrive rapportar på nynorsk, men som må gjere det med hjelp av programvare på bokmål.

Det kompliserer absolutt det å vere nynorskbrukar i yrkeslivet, meiner Endresen, og ho seier dette er ei sak Mållaget vil kome til å ta tak i.

Men i forlenginga av at det offentlege må leggje til rette for båe typer språkbrukarar, helser ho satsinga til Sparebanken Sogn og Fjordane velkomen. - Me gler oss til alle dei store bankane kjem etter!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving