Nettbruken veks i den arabiske verda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruken av Internett har lege langt etter i den arabiske verda. No breier Internett om seg med rekordfart også der, trass i sensur i mange land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Nettet bryt ned tabu og sprengjer sosiale grenser. For seks år sidan brukte under ein prosent av befolkninga i denne regionen Internett.

- I dag reknar ein med at nær 11 prosent av befolkninga i den arabiske verda brukar nettet i ein eller anna form. Så godt som alle som høyrer til middelklassen i byane, har no ei internettadresse, seier førsteamanuensis Albrecht Hofheinz på Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo til Apollon.

Diskuterer politikk og religion


Det er særleg unge av begge kjønn som søkjer det nye mediet. Den arabiske bruken av Internett skil seg frå Vesten ved at religiøse sider og diskusjonssider har ein meir dominerande plass.

På diskusjonssidene blir det debattert rundt tabuområde som politikk, religion og forholdet mellom kjønna på ein måte som ikkje er akseptert i det offentlege rommet. (NPK)