Totalitær kontroll på Kaizers

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei speler ompa til du døyr og har teke total kontroll på kontinentet. No er historia om Jæren sitt eige taterorkester festa svart på kvitt og forfattaren gjer det med glans.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


«Kontroll på Kontinentet»


Jan Zahl og Paal Audestad
(Tiden Forlag, 2006)

- Korleis er det for han å spela med gassmaske? spør journalisten og peikar mot Helge, som står der i gassmaske og dress, stiv som ein svidd tinnsoldat.
- Me veit ikkje. Me har ikkje spurt han, svarer Geir.
- De har ikkje spurt han?
- Nei. Og han har ikkje fortalt oss kvifor han har på seg maska heller, seier Geir.
- Kvifor heiter de Kaizers Orchestra? undrar journalisten.
- Fordi me er Kaizer sitt orkester. Mr. Kaizer har eit orkester, og det er oss, svarer Janove.
- Kven er Mr. Kaizer.
- De veit me ikkje.
- Veit de ikkje?
- Kanskje veit me det, men i så fall kan me ikkje fortelja deg kven det er.


Storebror til Geir Zahl, Jan, har fått med seg hoffreportar Paal Audestad og saman har dei festa historia om skrangleorkesteret til papiret. Orkesteret til Mr. Kaizer er lands- og verdskjend for å trollbinde hordar av menneske ved å slå på oljefat, spele pumpeorgel og kle seg i gassmasker frå 1939.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei som har hatt gleda av å høyre bandet live, har også fått oppleve eit adrealinkick utan sidestykke i norsk musikkhistorie. Det gutane frå Jæren leverer når dei er på scena, er heftig, usminka og minner om noko på grensa til galskap.

Og Jan Zahl og Paal Audestad meistrar å formidle dette eksepsjonelle og unike som Janove Ottesen & Co formidlar når dei står på scena. «Kontroll på kontinentet» er glimrande lesing og fryd for auget.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nær nostalgi


Gje meg ein ny vå-år!

Armen til Janove Ottesen står ut frå kroppen som ei knekt mast. Ytterst i handa peikar ei blank kule av fletta metalltrådar ut mot 700 lysande ansikt. Tuppen av mikrofonen fangar opp lyden frå hundrevis av munnar, sende signalet i elektrisk fart, gjennom den raude kabelen som slynger seg bakover frå armen, gjennom koparen i hundre meter ledning, ut i salen, inn i miksebordet til Johan Berntsen, som står midt i studenthuset Folken i Stavanger.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg hadde gleda av å oppleve Kaizers Orchestra så tidleg som i 1998, då eg midt på natta på Roskildefestivalen blei med ein ven frå Bryne for å helse på nokre gamle kompisar. Venene hans underheldt oss den gongen med å skape musikk og tunge rytmar ved å slå på alt frå teltstenger, ølflasker og elles alt anna som var tilgjengeleg på campen.

På Elverum, i eit klamt og lite lokale ein iskald vinterkveld i februar 2002, var det dei same gutane som stod på scena og tirra publikum til ekstase med å slå på gamle oljefat. Etter den tid har det vorte mange slike suggererande opplevingar med Kaizers menn.


Kaizers menn

Det var ingenting ved Bryne eller Jæren på 1980- og 1990-talet som skulle tilseia at ein av Noregs største og raraste rockesuksessar på 2000-talet skulle ha røtene sine der. Tvert imot.

Sidan eg har likt Kaizers i ei årrekke, er det godt å endå ein gong få oppleve ein opptur med orkesteret gjennom «Kontroll på kontinentet».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skepsisen min til boka vart nemleg gjort til skamme då eg fekk sjå kva den inneheldt, nemleg den same energien som er så unik for det suverene skranglebandet.

I tillegg til godt forfattararbeid og ei grundig linse, har boka ei utruleg flott utforming. Bilete, tekst, det grafiske; alt er ekstremt profesjonelt gjort og er gjennomført i høve til Kaizers eigen profil.

Rock`n roll på papir


Gjennom observatørane Jan Zahl og linsa til Audestad får vi vere med inn i det aller heilagste, og Kaizers Orchestra lettar hjarta rett som det er.

- Mange av dei eg veit bruker

kola

i bransjen, har sagt at eg og Geir er dei siste dei kan sjå for seg på kokain, seier Janove.
- Kvifor det?
- Fordi det handlar om ein sjølvtillit som me allereie har ekstreme mengder av. Folk har sagt til meg: Dei siste me vil møta ein mørk kveld er Ottesen og Zahl på kokain.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gledene ein får som lesar er mange, dette er lesestoff for fansen.


Svette sokkar og fyllesjuke tryner, røvarhistorier, galne fans og manisk hysteri. «Kontroll på kontinentet» er like mykje ei forteljing om kvifor ting vart slik det vart - frå ei kjellarstove på Jæren til utselde konsertar verda over. Intern humor, tøffe og levande bilete dokumenterer Kaizers Orchestra si utvikling og utfordring langs landevegen i Europa.

Dette er skikkeleg rock`n roll, som ulikt andre liknande dokumentarar ikkje ender tragisk eller fortel om menneske som går til hundane. Jan Zahl har skrive om gutedraumen som går i oppfylling og det heile er meisterleg fortald. «Kontroll på kontinentet» er rett og slett eit godt eventyr, eit eventyr av dei sjeldne.


(Bileta er publiserte med løyve frå forlaget)

Her kan du lese meir om Kaizers Orchestra
- Her kan du også lese kva fansen sjølv meiner om boka på fanpost

Her kan du lese fleire

Litteraturmeldingar


Meir litteratur i

Neste Klikk

:

Litteratur
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker

Startsiden:

Litteratur