
Nyttig informasjon om Heartland Institute
I mange år gjekk det mest på frivillig arbeid, men den siste informasjonen viser at dei etter kvart har fått gode sponsorar.
Les saken: Lekkasje avslører dollar-flom til klima-skeptikere
Og det har gitt gode resultat når USA no trekkjer attende all stønad til IPCC og nektar å ta imot fleire klimarapportar frå IPCC.
Det er elles feil å skrive ”motarbeider FNs klimapanel IPCC”. Sponsorane hjelper Heartland med å informere om fakta om klimaet, som at det er fysisk umuleg at utslepp av CO2 kan føre til ein målbar effekt på temperatur og klima.
På den måten korrigerer Heartland feilinformasjonen frå IPCC, media og politikarar, og det er både nyttig og nødvendig. Derimot kan det vel seiast at USA motarbeider IPCC, men det var verkeleg på tide!
Vermes raljerer over at Fred Singer hevdar at CO2 ikkje er forureining i ei verd der atmosfæren er så sveltefora med CO2 at gartnaren pøser på med det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få brukbare avlingar. Vidare får Singer nesten 30.000 kroner per månad frå Heartland; ikkje mykje for ein professor, det.
Kanskje Vermes kunne koma med eit einaste eksempel på at CO2 er ei forureining? Men kom ikkje med det vanlege alarmistargumentet at i eit rom med berre CO2 døyr eit menneske, for det døyr i så fall ikkje av CO2, men på grunn av mangel på oksygen.
Vermes opnar artikkelen sin på vanleg måte for norske aviser med ei mengd fabrikkpiper som spyr ut svart og kvit røyk, som eit bilete på store utslepp av CO2. Den svarte røyken er sot, og den kvite røyken er vassdamp. Problemet for alarmistane ser ut til å vera at dei ikkje veit at CO2 er ein usynleg gass heilt utan lukt og smak. Når dei pustar ut ein kald morgon, og vassdampen kondenserer seg til røyk, trur dei visst at det er CO2 dei ser. Slik slår feilinformasjonen attende på dei sjølve.
Det er vanleg praksis av alarmistorgan som forskning.no og likesinna å rakke ned på og skremme alle som kjem med fakta om klimaet for å uskadeleggjera dei. Ein annan seigliva feilinformasjon er ”det flertallet av vitenskapsfolk som støtter konklusjonene i FNs klimapanel IPCC”. Det finst det liten informasjon om.
IPCC har ingen underskrifter på sine rapportar. Derimot finst det 35-40.000 underskrifter på opprop som går imot rapportane frå IPCC. Men Vermes tenkjer kanskje på alle institutt i til dømes Noreg og Sverige som må støtte denne feilinformasjonen for å få statlege pengar til drifta? Men det er vel ikkje heilt det same?
Bortsett frå den forvridde presentasjonen var det nyttig med denne artikkelen av Vermes. Det neste han bør ta opp er finansieringa av feilinformasjonen om klima. Etter at IPCC vart etablert i 1988, er det kasta bort kanskje 800 milliardar kroner på å bevise at utslepp av CO2 er skadeleg for klimaet utan at dei kan lykkast.
Noreg har kasta bort over 100 milliarder kroner på deponering av CO2, reinsing av CO2 på Mongstad, CO2-kvotar, sponsing av feriereiser for ungdom til alskens møte om klimaet, mange milliarder kroner som bedrifter har kasta bort på omlegging til ved/flisfyring i staden for olje, pluss alle bedriftene som måtte flytte til utlandet fordi dei ikkje greidde kostnadene.
Staten og Statens bedrifter som Statoil og Hydro har sponsa meir enn 50 ”miljø”organisasjonar med fleire titals millioner kroner for å halde oppe eit hylekor for klimareligionen i NRK og aviser.
Dette var berre nokre tips. Vermes finn sikkert mange fleire. Få gjerne fram det ironiske, paradokse og komiske i situasjonen at norske politikarar driv eit slikt Sisyfos-arbeid i vår moderne og godt opplyste tid.
Eit eksempel kan vera mannen som prøvde å ause Oslofjorden tom for vatn. Enten han brukte teskei, ause eller kjempestore pumper, så fekk han to store problem. Det første var kvar han skulle gjera av alt vatnet? Det andre var at havet fylte på med nytt vatn fortare enn han greidde å ause.
Jens har det same problemet når han skal tøme atmosfæren for CO2. Like fort som Jens fjernar CO2 frå atmosfæren, så etterfyller havet med ny CO2. Det er nemleg 50 gonger så mykje CO2 i vatn som i luft.
Når skal politikarane kvitte seg med alle mytane som dei styrer etter i dag?
Per Engene, biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistene

Barns beste
Lesernes kommentarer
Sigmund Abusland
19. februar 2012 - 12:47
Dette er veldig bra
SSB Forskning Klima & Energiøkonomi. Nå blir det spennende å se hva det neste påfunnet fra våre politiere blir. Og så er et paradoks at statens eget kraftgigant Statkraft har bygget 3 gasskraftverk i Tyskland som tilsvarer 5000 vindmøller. Mens her i Norge satses på møller, selvfølgelig for å få opp strømprisen.