Skamlaust!
Når politikarar vert tekne i å lyge og gjere tvilsame ting, noko som skjer kontinuerlig, då er dei med eitt berre "folk flest" og forventar å verte handsama med silkepotar.
Men når det kjem til løn, pensjon og frynsegoder då definerar dei seg brått som leiarar med eit voldsomt ansvar. Her er det mykje som har gått i feil lei.
Mange næringslivsleiarar har fleire såkalla tunge styreverv, trass i at forskning, mellom anna ved Høgskolen i Østfold, åtvarar mot å ta på seg meir enn eit til to slike arbeidskrevjande verv.
Men mange politikarar og næringslivsleiarar er usamde med forskninga og tykkjer at det berre er kjekt når styrehonorara veltar inn på på ein frå før velfylt konto.
Gutteklubben Grei fortel med dette at styreverv ikkje krev nokon innsats å snakke om, for med den mengda verv mange har, kjenner dei knapt namna på alle selskapa og har vel knapt lese eit sakspapir i ein stor del av dei.
Kommunal, Stortings-og regjeringspolitikarar har hoppa på same karusellen, og med eit nyliberalt embetsverk som gjer jobben for dei må dei kunne kallast luksusarbeidstakarar, utan krav til effektivitet og ytelse, som veltar seg i høge løner og frynsegoder.
Dei veit og å sy puter under armane på kvar andre med slikt som: Doble diettar, subsidiert kantine, venteløn, etterutdanning, gratis pendlarbolig, gratis innenlandsreiser ekstrempensjon, osv, osv.
Det er heilt feil at lønsnivået for stortingspolikarar må være så høgt som det no har blitt, 80 prosent av dei som er på stortinget ville som sivile arbeidstakarar ha motteke i underkant eller rett over 350 000 kroner i året, det er vel heller slik at dei "går over lik" for å komme seg på stortinget og kunne motta løn og frynsegoder som ligg skyhøgt over lønsnivået til leiarar i små og mellomstore bedrifter.
Leiarar, aksjeeigarar og politikarar skummar fløyten medan folk flest må leve med eit stadig tøffare kostnadsfokus og dårligare livskvalitet.
Er folket tent med grådige og sjølvopptekne politikarar? Kvifor skal skattebetalarane måtte kaste vekk pengane på mennesker som ikkje emnar å følgje sine eigne lover, når det er overnasjonale føringar og juridiske betraktningar som gjennom embetsverket har erstatta styringssvake politikarar?

Barns beste
Lesernes kommentarer
Gunnar Sembsmoen
12. oktober 2011 - 15:12
Om politikere og andre skamløse mennesker
Med slik overlegen intelligens som forfatteren av ovenstående tydeligvis besitter, må det være nærmest venstrehåndsarbeid å komme på topp.
Fritt valg på øverste hylle, Rutledal. Alt fra Rødt til Demokratene.
Stå på.
Gunnar Sembsmoen
Henning Rutledal
13. oktober 2011 - 16:21
Skamlaust