Berekraftige verdiar
Korleis kan ein islamsk stat skapast? Den algirske islamisten Ali Belhadj svara, i 1990, følgjande: “Vårt endelige mål er å innføre det islamske kalifatet over hele jorden. Dette kalifatet er det åndelige sentrum for alle muslimer. Dette må skje etappevis. Vi begynner med å grunnlegge en islamsk stat i Algerie. Deretter skal vi samarbeide med våre brødre i alle muslimske land inntil kalifatet er opprettet.”
Den sudanske islamistleiaren Hasan al-Turabi sa på 80-talet dette om den religøse lova sharia: “Hvilken form den utøvende makt enn måtte få, så er den politiske leder til enhver tid underkastet loven (shari’a) og fellesskapets enighet (ijma), slik shari’a lærer.”
Pakistan er eit fattig land der store deler av landet er underkasta islamsk lov, sharia. Muslimane utgjer omlag 95 prosent av befolkninga og ekstreme islamistar gjer livet beinhardt for desse og dei religiøse minoritetane. Den 13 april 2009 underteikna President Asif Ali Zardari lova: Nizam-e-Adl Regulation 2009, som opna for sharia i statsforvaltninga. Fattigdommen og levekåra er generelt så beinharde at islamistiske ekstremistar nærast opplever kø av desperate, unge muslimske menn som vil bli martyrar for å sleppe unna dette uuthaldelege, torturliknande livet. Men for å komme til paradis vert dei oppmoda til å sprenge seg sjølve, med det målet for auge å samstundes drepe og lemleste så mange vantru som mogeleg. Dette skjer sjølv om Koranen og Hadith-samlingane begge fordømer ei slik handling og seier at sjølvmord er den verste forbrytelse ein muslim kan gjere mot islam. Stakkars, stakkars muslimar, for den islamistiske staten krev at folket kompromisslaust underkastar seg den bestialske, religiøse lovgjevinga og nåde den som kjem på kant med det islamistiske teokratiet, han eller ho går ei særs uviss framtid i møte.
Det er når ein fattar denne konteksten, ein forstår at kanskje er dei kristne grunnverdiane viktigare for liva våre enn vi ser ut til å være klar over. Den ateistiske filosofen Jürgen Habermas sa i eit intervju i 2006 dette om desse grunnleggande verdiane:
“Egalitarian universalism, from which sprang the ideas of freedom and social solidarity, of an autonomous conduct of life and emancipation, of the individual morality of conscience, human rights and democracy, is the direct heir of the Judaic ethic of justice and the Christian ethic of love.
This legacy, substantially unchanged, has been the object of continual critical appropriation and reinterpretation. To this day, there is no alternative to it. And in light of the current challenges of a postnational constellation, we continue to draw on the substance of this heritage.
Everything else is just idle postmodern talk."

Barns beste