Samhandlingsreforma – NRK-boikott av funksjonshemmede!
I dag, 25.8. arrangerer NRK – Sogn og Fjordane ein valdebatt med samhandlingsreforma som hovudtema. M.a. er denne reforma ei innhaldsreform som betre skal sikre omsynet til kronikarar av ulike slag, psykisk sjuke, rusmisbrukarar og på tiltakssida helseførebygging og (re-)habilitering.
FFO (Funksjonshemma sin Fellesorganisasjon) er ein paraplyorganisasjon som har 71 medlemsorganisasjonar. 41 av desse organisasjonane har fylkesorganisasjonar i Sogn og Fjordane. FFO nasjonalt har 325.000 medlemer. Anslagsvis 8000-10000 av desse bur i Sogn og Fjordane. Då må det truleg vere ein del meir innan tilsvarande brukargrupper.
Ut frå dei helsepolitiske stridar som har vore i fylket, er det, jamført med samhandlingsreforma, stort behov for å utvide breidda i den helsepolitiske dagsordenen. Då er det særs alvorleg at NRK nektar FFO ein talarstol i det høve. Vi er merksam på at Pensjonistforbundet, med halvparten så mange medlemer, er invitert inn i panelet. Å vere pensjonist er i seg sjølv inga liding. FFO er suverent den største organisasjonen som i sum tar opp i seg det mangfald av tilstandar som er relevante i denne samanheng.
FFO har det beste tilhøve til Pensjonistforbundet og har ikkje noko mot at det er representert i eit slikt debattpanel. Men FFO kan ikkje akseptere at NRK brukar dette til å rettferdiggjere at dei vesentlegaste brukargruppene ikkje kjem til orde i det nemnde panelet. I beste fall å berre få ordet frå salen vil ytterlegare understreke den manglande respekten for FFO si representative tyngde. Det kan FFO sjølvsagt ikkje medverke til. Styret i FFO Sogn og Fjordane tilbaud seg derimot på kort varsel å stille med ein representant i panelet.
Dersom NRK si haldning skulle grunngjevast med journalistiske omsyn, kan det berre vise ein journalisme med så laus forankring i røyndomen at den kan forsvare kva som helst. Innan FFO-området ser vi utruleg mykje styrke i veikskapar. Umedviten og medviten forakt for veikskap, kan hjå altfor mange vere ei underliggande kjensle som dei ikkje alltid har under kontroll. Gjennom historia har det jamvel gjeve seg ekstreme og katastrofale politiske utslag. I kampen mot dette vil vi i det minste vone at vi i NRK Sogn og Fjordane ikkje møter ein motstandar.
FFO har i løpet av dei siste dagane gjennom ulike direkte kontaktar påpeikt at NRK her misfer seg. Når NRK likevel bind seg til sitt opphavlege opplegg, røpar det berre at dei framstår som utruleg prestisjebundne. NRK har heller ikkje tidlegare vore viljug til å vise FFO sine debatt- arrangement nemnande merksemd. Dette har diverre også sett merke på i kva grad andre medie har lete seg engasjere.
Dette står i kontrast til at i ulike brukarutval i helseforetak, og kommunar og samarbeidsforum dei imellom, er det sjølvsagt at brukarrepresentasjonen i dominerande grad kjem frå FFO og/eller medlemsorganisasjonane der. VI er også takksame andsynes m.a. fylkeskommunen som gjennom sine tilskot sterkt bidrar til at FFO-området kan halde oppe sin aktivitet.

Barns beste