Ein kan ikkje vinne alle kampar!
Kvar gong Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen har blitt overkøyrd av det høgreliberale AP og lidd politisk nederlag, så stiller media spørsmål om dei kjem til å trekke seg frå regjeringa.
Alltid er svaret frå damene det same,- at dei har større påverknad i regjering enn i opposisjon. Dei plar også legge til; “ein kan ikkje vinne alle kampar”.
Til Liv Signe og Kristin Halvorsen er det berre ein ting å seie: De vinn jo aldri ei sak som betyr noko for folk flest, de går på nederlag etter nederlag og lirer av dykk same floskelen kvar gong!
Det er heilt klårt at både SP og SV , som parti, hadde tent på å trekke seg frå ei regjering som ruinerar og avfolkar distrikta, gjer fattigfolk fattigare og øydelegg arbeidsfolks sosiale og juridiske vern med hjelp frå EU`s arbeidstaker-fiendtlege direktiv. For noko som er heilt sikkert er at hadde SV og SP gått ut av regjeringa i protest mot Jens Stoltenbergs klima-og folkefiendtlege marknadsliberalistiske politikk så hadde veljarane strøymd til stemmeurnene i respekt for to parti som levde opp til parti-og prinsipprogramma sine.
SV er verst, direktørdotter og Norges politiske mega-broiler, SV-leiar Kristin Halvorsen, veit kva ho vil. Libya-konflikten syner at Halvorsen meir enn gjerne "tek liv" for å behalde ministerposten. Partiet SV framstår meir og meir som ein avkledd medløpar for Stoltenbergs høgreliberale linje.
10.11.2010 kunne Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken opplyse at SV gjev opp å avskaffe fattigdom i Norge.
Sekstimarsdagen, som har vore programfesta av SV sidan 1975, vart avlyst av AP`s Fornyingsministar Rigmor Aasrud, 14.07.2010.
SV står på Stoltenbergs side når han godtek EU`s fagforenings-fiendtlege Teneste-og Vikardirektiv. Desse direktiva vil være med på å rasere lønns-og arbeidsvilkår for lågtlønte arbeidstakarar med låg utdanning.
SV svikta velgarane kapitalt med hensyn på pensjonsreformen, som gjev 70 prosent av befolkninga dårligare pensjon, lågtlønte rammast hardast!
SV sviktar dei trygda: Anne I 2011 – dagens reglar: Pensjon på 147 000, skatt 4 500, netto 142 000. Anne blir 67 i 2011: Pensjon ned 7,5% til 136 000, skatt 4 100, netto 132 000.
Andre saker som : Utsettelse av CO2-rensing på Mongstad, kvotesystemet for klimagassar og norske soldatars deltaking i Afghanistan. Og før det: Fleire av partiets eigne stortingsrepresentantar demonstrerte mot si eiga regjering på plassen framfor Stortinget, partileiar Kristin Halvorsen støtta boikott av Israel og kunnskapspartiet SV støtta kutt i bevilgningane til høgare utdanning i statsbudsjettet.
SV har gjennom si talentlause lefling med høgreliberal politikk, totalt ignorert sitt eige parti-og prinsipprogram og med det detronisert FrP som Norges mest inkonsistente og inkonsekvente parti. Liv Signe og Kristin gjer som Kjell Magne Bondevik, for å behalde taburetten med tilhøyrande million-løn, fantastiske frynsegoder og potensielt store framtidige karriæremuligheiter; er dei villige til å ofre partia sine.
Damene har det for godt,- og det er ei katastrofe for begge partia!

Barns beste