SPs nestleder Ola Borten Moe. (Foto: Terje Bendiksby/Scanpix)

Ein kunne grine blod!

Politikarane fungerer som reklamefigurar for det middelmåtige. Demokratiet står svakare enn nokon gang!

Samfunnsutviklinga går i heilt feil retning; og skulda for det har storkapitalens deregulerte kapitalisme og marknadsøkonomi, som er fundamentert og basert på menneskeleg grådigskap. Eg har lenge hatt fokus på å forklare kvifor det er dei mest servile og ufarlege kandidatane, på Stortinget og i regjering, som får høve til å gjere karriere. Ser ein litt nøye på kven som får tilgang til ministerpostar og andre viktige politiske verv, så er det, bortimot, berre politiske broilarar og/eller halvstuderte røvarar uten fullført høgskuleutdanning. Forskar Iver B. Neumann ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt hevdar Stortinget er Europas lågast utdanna nasjonalforsamling, og at det særleg skortar på kunnskap innan utenriks- og forsvarspolitikk.

Dei best kjente broilarane, nærast heilt utan røynsle frå det yrkeslivet veljarane representerar, er Erna Solberg, Kjell Magne Bondevik, Sigbjørn Johnsen, Anniken Huitfeldt, Hadia Tajik, Jens Stoltenberg, Thorbjørn Jagland, Liv Signe Navarsete, Jonas Gahr Støre, Dagfinn Høybråten og Siv Jensen med fleire.

Den, for tida hottaste av desse broilarane, men med fullført utdanning, 34 år gamle Ola Borten Moe, kallar seg gardbrukar, men har vore politikar heile sitt voksne liv, heilt sidan han 16 år gamal vart kommunalråd i Trondheim i 1993. Det som er strategisk unikt med Borten Moe sin veg til makta er at han har skreddersydd alle sine "kontroversielle utspel" for å tekkast Jens Stoltenberg. Hans angrep på regjeringspartnar SV og deira vedtak om å forby privatskuler og kutte statsstøtta til organisasjonar som ikke overheld likestillingslova, og hans stadfesting av at det er uaktuelt å verne områder utanfor Lofoten for oljeverksemd, er slike døme.

Like eins gav han i kronikkform, VG 21.01, si uforbehaldne støtte til Stoltenberg i Marie Amelie-saka. I avisa Nationen, 17.07.2010, likestilte Borten Moe islamistar med nazistar, noko som kan bekrefte påstanden til varaordførar i Trondheim, Knut Fagerbakke, som 15.01.2010 sa: "Ola Borten Moes politiske linje har stor innflytelse i Trondheim, og hans ambisjon er å vri Senterpartiet mot høyre." Moe er gift med  Anna Ceselie Brustad, også stortingsrepresentant for Sp, (her dukkar brått assosiasjonen; nepotisme opp). Ho har innehatt ei rekke styreverv i næringslivet i Midt-Norge, mellom anna i Allskogs dotterselskap Nord Energi AS.

Desse “menneskelege oppdrettsprodukta” eig ikkje nokon overbevisande oppfatning om at nasjonalt landbruk, rural industri, lokalsjukehus, nasjonale religiøse og kulturelle verdiar og etnisk identitet, infrastruktur, lokalt bevarte fiskekvotar, regulert bolig-og energimarknad, rural busetnad med bærekraftig kostnadsnivå og kommunalt konkurransedyktig tenestetilbod er viktig.

For broilereliten er makt, gjennom posisjon saman med høg løn og økonomiske frynsegode ofte viktigare enn prinsipp og lovnadar, og i vårt system har vi ingen muligheit til å presse dei på spørsmålet ”kvifor gjorde du ikkje som du lova?" Det at stortingsval er einaste måte å refse våre stortingsrepresentantar, gjer at dei ikkje er direkte ansvarlege overfor folket. Det er eit stort problem at det norske valsystemet gjev oss lite eller ingen påverknad over kven av kandidatane som skal representere oss i Stortinget. Partia står fritt til å byte om på og flytte kandidatar frå fylke til fylke, for å manøvrere dei utvalgte inn i maktposisjoner.

Det som er mest problematisk med desse yrkesfagleg kunnskapslause politikarane og deira manglande pragmatisk og realpolitiske perspektiv, med hensyn på bedrifter, distriktspolitikk og samfunnsansvar, er at alle er handplukka, for å tene marknadsliberalistane og då snakkar vi ikkje om små-og mellomstore bedrifter, men industri-og finanseliten.

Sagt med den britiske forfattaren og journalisten Jeremy Seabrook: “If it had been the purpose of human activity to bring the planet to the edge of ruin, no more efficient mechanism could have been invented than the market economy.”

At landet vert representert av opportunistiske karriereklatrarar, men styrt av NHO-direktørane i embetsverket, er eit faktum så ille at ein kunne grine blod!

Lesernes kommentarer

Tror du at...

...å repeterer poengene hele 3 GANGER, øker troverdigheten?

Det var nesten for mye tekst for at man kunne komme seg gjennom dette, men ser nå at hele artikkelen er publisert 3 ganger etter hverendre - neste så en ikke orker å lese dette...
:o/


Ellers helt enig om det du skriver om broilerne!


Mvh
Walter

Tror du at...

Det var ikke meningen å repetere meg selv, håper redaksjonen fjerner de to overflødige kopiene!