Isbøtte-aktivisme har finansiert ALS-gjennombrott

Artikkelen fortsetter under annonsen

Donasjonar frå kalddusj-kampanjen har hjelpt forskarar å finna genet som kan gi dei nøkkelen til ein kur for nervesjukdomen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hugsar du då alle frå Justin Timberlake til ordføraren og journalisten i lokalavisa di blei filma medan dei fekk ei bøtte med isvatn tømt over hovudet?

«Isbøtte-utfordringa» gjekk som ein farsott sommaren 2014, og var del av ein kampanje for å skaffa pengar til forsking på nervesjukdomen amyotrofisk lateralsklerose (ALS). No seier den amerikanske ALS-foreininga at pengane dei samla inn gjennom kampanjen har finansiert eit forskingsgjennombrott, ifølgje ein artikkel i The Guardian.

Les også om forskinga som viser at kanel kan få deg til å læra betre

Ikkje alle var like heldige da de tok isbøtte-utfordringa. Sjå video!

ALS råkar motoriske nerveceller i ryggmargen og hjernen, og fører til muskelsvinn. I USA blir sjukdomen også kalla «Lou Gehrig’s disease», etter ein kjent baseballspelar som fekk sjukdomen i 1939. Forskaren og forfattaren Stephen Hawking blei diagnostisert med sjukdomen som 21-åring. Det finst i dag ingen kur mot ALS.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – ALS starter gjerne enten med lammelser eller tale- og svelgevansker

På ein månad samla isbøtte-kampanjen meir enn 100 millionar amerikanske dollar, som har gått til ulike forskingsprosjekt. Eitt av desse, Project MinE, har no ført til oppdaginga av eit nytt gen som forskarane meiner kan gi ei betre forståing av ALS og hjelpa dei med å finna ein måte å behandla sjukdomen.

Funnet er skildra i ein artikkel i tidsskriftet Nature Genetics. 80 forskarar frå 11 land står bak studien. I intervju med The Guardian omtalar Brian Fredericks frå ALS Association funnet som eit viktig gjennombrott.

Ikkje like god sommarstemning, men: Les om studien som viser at alkohol kan føra til minst sju kreftformer