Brun og blid:Mødrer, gifte og menn kan òg bli solariumsmodellar

Brun og blid: Mødrer, gifte og menn kan òg bli solariumsmodellar Ungdomsorganisasjonen Press nominerte Brun og blid til Årets Gullbarbie, for å fremja einsidige ideal i deira reklamekampanjar. Foto: Brun og blid
Brun og blid: Mødrer, gifte og menn kan òg bli solariumsmodellar Ungdomsorganisasjonen Press nominerte Brun og blid til Årets Gullbarbie, for å fremja einsidige ideal i deira reklamekampanjar. Foto: Brun og blid
Artikkelen fortsetter under annonsen

Brun og blid stiller seg uforståande til kritikken frå Press. Dei viser til at folk i alle høgder og med ulik sivilstatus kan delta i konkurransen om å bli Brun og blid-modell.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei som har valt ut Brun og blid til denne Gullbarbie-konkurransen kan umogleg følgje med på kva me driver med, skriv gründer og administrerande direktør i solariumskjeda Thorbjørn Frantzen i ein e-post til Framtida.no.

Solariumskjeden Brun og Blid var nominert for å fremja einsidige kroppsideal og visa lite mangfald i sine reklamar. Det er ungdomsorganisasjonen Press som med Gullbarbie-konkurransen vil kåra «den som er best til å få ungdom til å føle seg verst».

«Reklamane er tydelig retusjert, modellane er like, veldig lettkledde og med på å fremja det same, gamle biletet av kva skjønnheit er,» meiner Press.

Direktøren i Brun og blid viser til at soling er ein aktivitet som føregår med lite klede og at modellane deira har på seg meir klede enn kundane.

LES OGSÅ: «Difor er Gullbarbie sjukt viktig»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stilte ikkje til debatt

I likheit med Dagbladet, som i går stakk av med sigeren, ville ikkje Brun og blid stilla til debatt og prisutdeling i regi av Press.

Frantzen skriv same dag som prisutdelinga i e-posten til Framtida at dei ikkje er einige i nominasjonen.

– Me har vår eigen konkurranse om å få vere Brun og blid-modell. Me har denne konkurransen nettopp for å bidra til mindre fokus på kvinnekroppen, argumenterer solariumsgründeren.

Han viser til at dei fleste modellkonkurransar har ei rekkje minstekrav, og listar opp :

Leiar i Press, Karoline Steen Nylander, trur Brun og blid misforstår konkurransen og håpar dei tek kritikken til seg. Foto: Andris Søndrol Visdal, Press
Leiar i Press, Karoline Steen Nylander, trur Brun og blid misforstår konkurransen og håpar dei tek kritikken til seg. Foto: Andris Søndrol Visdal, Press

– Som oftast er det berre for kvinner – hos Brun og blid kan alle kjønn delta.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei fleste konkurransar har ei øvre aldersgrense på 26 år – me har inga øvre aldersgrense og har ofte deltakarar over 40 år.

– Dei fleste konkurransar har ei grense på 172 cm høgde – me har inga grense.

– Mange konkurransar tillèt ikkje gifte å delta – me har ingen slike avgrensingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei fleste konkurransar tillèt ikkje kvinner med barn å delta – me har mange mødrer som deltek.

Frantzen strekar under at det einaste kravet Brun og blid stiller, er at modellen er over 18 år. Deretter er det internettbrukarane som stemmer fram vinnaren.

Kvar månad vel kjeden ut 20 innsendte bidrag, som er med i internettavstemminga om å verte månadens vinnar. Du kan lese meir om konkurransereglane på Brun og Blid sine nettsider.

– Vår konkurranse gjev alle som ynskjer å prøva seg som modell ei moglegheit som dei ikkje får NOKRE andre stader. Det er mange som har eit slikt ynskje, men som føler dei ikkje er høge nok, tynne nok eller unge nok, skriv Frantzen.

Ikkje berre bikinidamer

Vidare seier Frantzen til at årets modell var «for tjukk» for den TV3-sendte modellserien Top Model, samt at Brun og blid òg har mannlege modellar i stallen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det merkelege er jo at dei største kritikarane våre ikkje får med seg at det er menn som deltek, ikkje berre «bikinidamer». Ein finner sjeldan deltakarar hos oss med typisk «modell-look» – høge, sjukeleg tynne jenter. Vår konkurranse bidreg til det motsette av kva denne Gullbarbie handlar om – ein mann kan vel til dømes ikkje bli Gullbarbie?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Press reagerer på ansvarsfråskriving

– Det er viktig å presisera at me ikkje har nominert nokre av modellane i reklamen, men Brun og Blid som ein stor reklameaktør det er nesten umogleg å unngå i det offentlege rom.

Det seier leiar i Press Karoline Steen Nylander, som trur Brun og blid misforstår konkurransen og at nominasjonane går på fokus på einsidige kroppsideal, gamaldagse kjønnsroller og seksualisering.

– Spesielt reagerer me på at Brun og Blid ikkje tek sitt ansvar for det einsidige fokuset dei har, men heller skyv ansvaret over på dei som stemmer fram årets modell. Det er Brun og Blid som står ansvarleg for si marknadsføring, og når dei har blitt nominert fram av ungdommer som ein reklameversting, så håpar eg dei tek med seg dette i vidare arbeid med sin reklame, skriv Nylander i ein e-post.

Press stiller spørsmålsteikn ved reklamane der det berre er modellar, utan bilete av produktet.

– Ungdomspanelet vårt sa det veldig fint; «det ser ut som dei prøver å selje kroppen, ikkje solariumet», skriv Nylander, som håpar at Brun og blid tek signalet.