Ei skikkeleg agurksak

Agurktid kan opprinnelege stamme frå hebraisk. Eller tysk. Eller engelsk.
Agurktid kan opprinnelege stamme frå hebraisk. Eller tysk. Eller engelsk. Foto: Illustrasjon: Flickr CC
Artikkelen fortsetter under annonsen

Du trur det kanskje ikkje, men ordet agurktid oppstod lenge før folk sette nesten-rekordar og butikkar gjekk tomme for popcorn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ordet agurktid har ei spennande, om enn uklar, historie skal ein tru Språkrådet. Ein ting som er klart er at ordet er ei kjelde til irritasjon og latter både her i landet og i verda forøvrig.

Nordmenn nemleg ikkje åleine om å bli bombardert med saker av mindre og svært lite relevans så fort gradestokken bikkar 20 grader.

Her er nokre døme på kva som er ei god agurksak.

Ordet fins i mange språk, men kven som er opphaveleg eigar og kven som lånetakar er heller uklart.

Les også: Suksess med uperfekt frukt

Usikre forklaringar

Ein veit at ordet har vore kjent i det norske språket sidan tidleg 1900-tal, og at det kjem frå det tyske Sauregurkenzeit(en). Opphavleg var agurktida ei dødtid i forretningslivet generelt, ikkje berre i media.

Det er minst to forklaringar på kvifor det heiter agurktid. Ei av dei seier at det tyske ordet oppstod blant kjøpmenn i Berlin allereie på 1700-talet og beskreiv den tida då dei små agurkane blei modne, sylta og lagt på glas.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette var om sommaren, då det elles skjedde lite. At agurkane er med i bildet, skyldtes anten at berlinarane åt mye agurkar om sommaren – kanskje fordi det var mangel på anna mat – eller at bøndene kom til marknaden med varer på seinsommaren.

Les også: Her er årets ord

Frå hebraisk?

Språkrådet luftar også at ei anna forklaring om at det tyske ordet kan stamme frå hebraiske zarót og jakrút, 'lidelses- og dyrtid’. Bakgrunnen var at jødene i tre veker om sommaren sørga over ødeleggelsen av tempelet i Jerusalem.

Som ein kuriosa kan ein nemne at ordet cucumber time vart registrert så tidlig som i 1700 og var knytt til skreddaryrket. Språkrådet føreslår at ordet kanskje vart brukt om ei periode av året då skreddarane hadde fri.