Ein av fire sender intime bilete på Snapchat

Ein av fire har sendt intime bilete med Snapchat. Foto: Maurizio Pesce/Flickr/CC BY 2.0-lisens.
Ein av fire har sendt intime bilete med Snapchat. Foto: Maurizio Pesce/Flickr/CC BY 2.0-lisens.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei fersk undersøking viser kva me brukar Snapchat til.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei aller fleste har brukt Snapchat til å senda grimasar eller tullebilete – det har heile 81 prosent av dei som var med i undersøkinga gjort, ifølgje Dagens Næringsliv (DN).

Etter det kjem landskapsbilete, matbilete og treningsbilete – og 27 prosent av dei som var med i undersøkinga seier dei har sendt intime bilete med Snapchat.

Undersøkinga er gjort av NTNU, og er leia av Berit Skog. I same undersøking seier 51 prosent at dei har motteke intime bilete på Snapchat.

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Bevisstgjering

Ingen under 13 år var med i undersøkinga. Til Dagens Næringsliv seier rådgjevar Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten at bevisstgjering er den beste måten for å få god opptreden på nettet.

– For det første må ein forstå at medlingar sendt med Snapchat ikkje nødvendigvis blir vekke etter to til ti sekund. Dei kan avfotograferast eller lagrast med spesielle appar, seier Tønnesen til DN, og tipsar om at også foreldrene lærer seg forstå dei ulike tenestene.

– Barn og unge må sjølv læra seg å setta grenser for kva dei sjølv deler, medan foreldra må vera lydhøyre og gi råd, ikkje forbod, seier Tønnesen til DN.

LES OGSÅ: Mobbar med nakenbilde

LES OGSÅ: Norske gutter lager søkbar database med nakenbilder