Bli slank med kald pasta

Er kald pasta sunnare enn nykokt pasta? Foto: Colourbox
Er kald pasta sunnare enn nykokt pasta? Foto: Colourbox
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit sunnare alternativ til pasta kan rett og slett vera kald pasta.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Romtemperatur kan vera farleg. Men no kan det virka som at det er den nykokte pastaen som er verst – i alle fall for midjemålet. BBC-journalisten Michael Mosley undersøkte, og fann nokre overraskande svar, skriv Science Alert.

Les også: Søvnforskar skeptisk til LAN

Nedkjølt og oppvarma

Grunnen til at kald pasta kan vera betre, er at blodsukkeret reagerer og stig raskare når pastaen er nykokt. Om blodsukkeret stig fort reagerer insulinet i kroppen for å regulera blodsukkeret til normale nivå igjen. Utanom å hindra at kroppen går inn i sukkersjokk, er resultatet av dette at du blir svolten igjen. Kald pasta fekk blodsukkeret til å stiga saktare, og held deg difor mett lenger.

Det mest overraskande resultatet var då dei prøvde å varma opp pastaen igjen. Blodsukkeret steig og sank endå saktare då.

Les også: Lukt på rosene – redd livet

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Resistansen

Kvifor er det slik? Heilt kort forklart blir pastaen vanskelegare å bryta ned i magen når den er kald – den blir litt resistent mot enzyma som bryt ned karbohydrata i magen. På den måten tek det lengre tid å bryta ned, og blodsukkeret stig og synk ikkje like fort.

Les også: Kan hjernen bli full?

– Pass deg for pasta

I fjor skreiv Framtida.no også om pasta, men då var beskjeden ein annan. Då kom det ei åtvaring om at kald pasta og ris rett og slett kan vera livsfarleg – fordi pasta og ris inneheld større mengder av bakterietypen Bacillus Cereus, som overlever koking ved å danna bakteriesporar.

Artikkelen om den farlege pastaen kan du lesa her.

– Bakteriesporar er celler som overlever koking, i motsetnad til vanlege bakteriar som blir drepne. Når temperaturen synk etter koking, er Bacillus cereus-bakterien utan konkurranse andre bakteriar og byrjar å formera seg raskt, sa Geir Otto Kjelstrup, næringsmiddelteknolog i Anticimex den gongen.

Kald pasta kan difor vera slankande – men kanskje ikkje det tryggaste alternativet.

Les også: Mista penisen? Snart kan du gro ein ny