980 551

Stadig yngre mennesker trenger hjelp mot spiseforstyrrelser. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com.
ABCNyheter
ABCNyheter AS Kirkegata 17 Oslo 0153
22 80 85 80 tips@abcnyheter.no
true livet helse,spiseforstyrrelser,Livet
Tor Strand Tor Strand er redaktør i ABC Nyheter. 90548980 tor@abcnyheter.no

Stadig yngre treng hjelp

Barn ned i 11-12 år ber om hjelp for å takle spiseforstyrringar.

11-12 år gamle jenter kjem til Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) sine kontor i sjette etasje Strandgaten i Bergen. I sofaen under skråtaket kan dei slappe av og få hjelp til å like seg sjølv og gjenvinne trua på seg sjølv.

– Vi ser at dei som kjem for å få hjelp vert stadig yngre og vi har ei sterk auke i talet på dei som treng hjelp, seier generalsekretær Ingjerd Strøm Skreien i ROS.

Interessegruppa for kvinner med spiseforstyrringar (IKS) merkar òg ei viss auke blant dei yngste.

– Det er ikkje dei unge sjølv som kontaktar oss, men vi ser ein tendens til at pårørande ringer oftare no enn før på grunn av heilt unge, seier sosialkonsulent Ellen M. Berg i IKS.

Ho veit ikkje om det skuldast at det er fleire unge som er sjuke eller om pårørande er raskare til å søkje hjelp no samanlikna med tidlegare. 20 prosent fleire ville ha råd Frå 2010 til 2011 auka talet på kontaktar per telefon og personleg frammøte hjå ROS med nær tjue prosent på landsbasis, frå 1476 førespurnadar om hjelp i 2010 til 1822 i 2011. IKS hadde på same tid ei auke i pågangen på kurs, personlege samtalar og gruppesamtalar.

LES OGSÅ: Fleire yngre sex-debuterer

Skreien trur det ei konkret utvikling i samfunnet som er med å bidra til at fleire unge søkjer hjelp på grunn av spiseforstyrringar. Fryktar diettpress – Det er ikkje til å kome frå at svært mange vaksne er svært opptekne av mat. Å gå på ein diett vert oppfatta som normalen. Måltid vert ikkje ein sosial hyggelig arena, men ein sjølvhevdingsarena kor ein skiljar mellom dei som et ”rett” og ikkje et ”rett”, seier Skreien.

Ho understrekar at det ikkje er den einaste årsaka til spiseforstyrringar blant barn og unge, men at det sterke fokuset på diettar blant vaksne kan ha auka talet på barn og unge som vert råka. 640.000 nordmenn på diett Ei undersøking gjennomført av Synovate for melk.no syner at nær ei av fire kvinner går på diett. 17 prosent av dei som vart spurt i haust, svarte at dei gjekk på ein diett. Det utgjer 640.000 nordmenn over 18 år. 14 prosent sa at dei tenkte på å byrje på ein diett.

– Fokuset på diettar er uheldig for barn og unge, seier overlege Stein Frostad ved Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland Universitetssjukehus. Dei som vert aller sjukast av spiseforstyrringar, vert behandla ved ei av dei fem spesialavdelingane i dei ulike helseføretaka.

LES OGSÅ: Fleire tusen manglar helsestasjon Åtvarar vaksne mot diett – Når vi snakkar med unge som har spiseforstyrringar, så kan dei ofte fortelje om slanking hjå foreldra. I nokre tilfelle kan det sjå ut til at stort slankefokus har verka uheldig på dei unge i familien, seier Frostad.

Han understrekar samstundes at det ikkje finst noko forsking som slår fast at det er ein samanheng mellom foreldre si slanking og utvikling av spiseforstyrringar blant born, men at dette er noko han har erfart i møte med unge pasientar.

Frostad ber foreldre unngå å forby matvarar, men i staden fokusere på kva som er bra å ete for å verte mett, og få eit godt og variert kosthald.

LES OGSÅ: Dette kan forstyrra hormona dine Fleire unge til behandling På seks år har talet på pasientar ved Seksjon for spiseforstyrringar i Helse Vest vorte meir enn dobla. I aldersgruppa16 til 23 år vert det no behandla tre gonger så mange som for seks år sidan.

Frostad trur ikkje det tydar på at fleire unge no har spiseforstyrringar.

– Eg trur auka har samanheng med at pasientane har fått styrkja sine rettar og har fått meir kunnskap om kva rettar dei har. Samstundes har behandlingstilbodet vorte betre og eg trur fleire ynskjer å nytte seg av det, seier Frostad.

Personar under 23 år med alvorleg spiseforstyrringar, har krav på behandling innan åtte veker. For dei over 23 år skal behandling iverksettjast innan 12 veker.

I tillegg til at dei som kjem til ROS, vert yngre, er det òg andre ting som er i ferd med å endre seg.

LES OGSÅ: Tek ungdomstida frå Gro Johanne

– Blant dei litt eldre har vi eit inntrykk av at fleire har andre samtidige psykiske plagar, det kan vere problematikk som sjølvskading, angst og depresjon, seier Skreien. Tyngre bagasje Etter å ha møtt ei rekke barn og unge, har Skreien danna seg nokre tankar om kva som kan vere årsaka til at unge no har stadig tyngre bagasje. Ho merkar at krava til å vere perfekt byrjar endå tidlegare enn før. Skreien trur òg ungane sine lidingar kan ha samanheng med foreldra sine haldningar og syn på eige liv.

– Dei vaksne vil vere unge lenger. Vi har eit veldig fokus på sjølvrealisering – at ein skal vere sunn og veltrent. Og det er akseptert å bruke mykje tid på det. Sett ein av nok tid til å vere familie, spør Skreien.

LES OGSÅ: Jenter har det verre enn gutar

Les mer på Framtida.no

Lesernes kommentarer

2012-03-25T17:02:57

Kåre Reidar Heltpåjordet Kåre Reidar Heltpåjordet

25. mars 2012 - 17:02

Hallo!

Sitter det folk rundt forbi og lurer på hvorfor dette skjer? Er det 1.april eller?
2012-03-25T19:43:59

Ann Karin Sivertsen Ann Karin Sivertsen

25. mars 2012 - 19:43

Hallo 2!

På tide å snu litt på motebildet???