
Ny James Bond-roman gjer salsrekord
Sebastian Faulks viser fram den nye James Bond-romanen «Devil May Dare» som han har skrive på oppfordring av Ian Flemings familie. Boka blei lansert 28. mai. (Foto: Scanpix)
Dei første fire dagane etter utgjevinga 28. mai, då boka blei gjeven ut på 21 ulike språk rundt om i verda, har «Devil May Care» selt i 44.093 eksemplar, skriv BBC.
Ifølgje forlaget har tidlegare bestseljarforfattarar som om Clancy og Nick Hornby selt om lag 11.500 eksemplar dei første fire dagane.
Hundreårsdag
«Devil May Care» er eigentleg ei markering av hundreårsdagen for James Bonds pappa, Ian Fleming. Og Sebastian Faulks, som er best kjend for dei historiske romanane «Birdsong» og «Charlotte Gray» har fått strålande kritikkar for romanen.
Det var familien til Ian Fleming som valte Faulks som forfattar til boka. Faulks skal ha lese alle bøkene til Ian Fleming i eit forsøk på å fange inn stilen til forfattaren, så han kunne skrive romanen.
Handlinga er lagt til 1967 og den kalde krigen. I løpet av historia skal Bond vere innom Midt-Austen, Paris og London. Hovudfienden hans i denne boka er Doktor Julius Gorner, ein farmasøyt frå Baltikum, som skal vere utstyrt med både apearm og pels.
- Djupare Bond-dame
Handlinga i «Devil May Care» skal vere skriven i Flemings ande.
- Min Bond drikk og røykjer like mykje som han alltid har gjort. Den kvinnelege hovudrolla, Bond-dama, har litt meir djubde enn kvinnene til Fleming, men det går ikkje utover glamouren, uttalte Faulks til avisa Telegraph i forkant av utgjevinga.
Fleming rakk å skrive tretten bøker om Bond medan han levde. Den fjortande, «Octopussy», blei publisert i 1966, to år etter hans død.
«Devil May Care» blir den 22. autoriserte Bond-romanen som er skriven av ein annen forfattar enn Fleming sjølv. Tidlegare har Kingsley Amis, John Gardner og Raymond Benson skrive Bond-romanar.


Argentinere og briter i ordkrig om Falklandsøyene
Pengesedler varmer fattige ungarere