
Nobelprisvinnar V. S. Naipaul blir hetsa i eit niddikt skriven av forfattarkollega og nobelprisvinnar Derek Walcott. (Foto:Maja Suslin / SCANPIX)
Nobelprisvinnarar kranglar på vers
Forfattar Derek Walcott brukar det litterære talentet sitt til å skrive sarkastiske dikt om kollegaen sin V.S. Naipaul.
Dei to kranglefantane Derek Walcott og V.S. Naipaul har vore i tottane på kvarandre sidan 1960-talet. Walcott vann Nobelprisen for sin forfattarskap i 1992, og Naipaul i 2001.
No har kranglinga deira nådd nye høgder. Nyleg las Walcott opp eit niddikt som utelukkande handlar om V.S. Naipauls mindre flatterande sider, både som forfattar og person, melder The Guardian.
«Dead as Naipaul's fiction»
Diktet «Mongoose» blei lesen opp på Calabash Literary Festival på Jamaica og er ei nedsabling av Naipauls verk og personlegdom. Diktet byrjar med følgjande salve:
I have been bitten, I must avoid infection / Or else I'll be as dead as Naipaul's fiction, som betyr noko slikt som «Eg er bitt, eg må unngå infeksjon / Elles blir eg like død Naipauls fiksjon.»
Tittelen «Mongoose» refererer til eit dyr som blei brakt til Karibia frå britisk India. Diktet er skriven som tolinjers versepar som rimar. Skriveteknikken til Naipaul får gjennomgå, og særleg hans siste roman «Half a Life and Magic Seeds»:
The plots are forced, the prose sedate and silly / The anti-hero is a prick named Willie, som blir noko slikt som «Plottet er tvunget, prosaen satt og dum / Anti-helten er ein dust med namnet Willie».
Besøkte prostituerte
Walcott klagar over kor fjern Naipaul verkar frå den forfattaren som skreiv meisterverket «A House for Mr Biswas» i 1961, før han igjen pensar inn på ei personleg linje og skildrar Naipauls «bustete skjegg».
Så endrar han taktikk, og anklagar Naipaul for å fornekte dei vestindiske røtene sine for å bli akseptert i det britiske litterære etablissementet, samt for å besøkje prostituerte i Trinidad. Det kuliminerer med linja:
He doesn't like black men but he loves black cunt, (som blir noko slikt som: «Han likar ikkje svarte menn men han elskar svart fitte».)
Det er lite truleg at Walcotts angrep vil bli forbigått i stillheit, ifølgje The Guardian. Naiapaul vil mest sannsynleg sparke tilbake når han har funne ein passande litterær strategi.
Utdrag frå diktet «The Mongoose»
I have been bitten, I must avoid infection
Or else I'll be as dead as Naipaul's fiction
Read his last novels, you'll see just
what I mean
A lethargy, approaching the obscene
The model is more ho-hum than Dickens
The essays have more bite
They scatter chickens like critics, but
each stabbing phrase is poison
Since he has made that snaring style
a prison
The plots are forced, the prose
sedate and silly
The anti-hero is a prick named Willie
Who lacks the conflict of a Waugh or Lawrence
And whines with his creator's
self-abhorrence


Argentinere og briter i ordkrig om Falklandsøyene
Pengesedler varmer fattige ungarere