Fatima Elayoubi var reingjorde heimane til betrestilte franske familiar. Det vakte oppsikt då ho skildra livet sitt i romanform. No er forfattaren på noregsbesøk saman med dottera Sokaina.

AKTUELL BOK: Fatima Elayoubi: «Bønn til månen» (Kontur forlag)

Dei usynleges stemme

Det skapte merksemd i den franske eliten då historia til den oversette vaskekona blei til ein vakker roman.

Fakta

* Erindringsboka Bønn til månen er skriven av marokkanske Fatima Elayoubi.

* Ho flytta til Frankrike saman med ektemannen i 1983, og livnærte seg ved å vaske heimane til betrestilte franskmenn.

* Boka gir eit unikt bilde av livet til ein generasjon innvandrarkvinner som sjeldan blir høyrt.

* Forordet til den norske utgåva er skriven av journalist og forfattar Mariane Pearl.

- Eg skreiv denne boka for å vise menn at vi kvinner også kan, seier marokkanske Fatima Elayoubi med eit strålande smil

54 år gammal byrja Elayoubi å skrive ned erindringane sine om livet som innvandrarkvinne. Då hadde ho budd i Frankrike i seksten år, og oppdratt og forsørgt dei to døtrene sine heilt aleine ved å reingjere, lage mat og vaske klede for meir velståande franske familiar.

Men nettene var hennar eigne.

- Eg har alltid skrive. Sete ved kjøkenbordet om nettene og tenkt og sett ut på månen. Og skrive i veg, fortel Elayoubi, som er på noregsbesøk i samband med at debutboka hennar «Prière à la Line» («En bønn til månen») kjem ut på norsk.

To mødre

Boka fekk stor merksemd i Frankrike då ho kom ut i 1996. Elayoubi gav nemleg ei stemme til ei gruppe menneske som elles blir oversett, den generasjonen innvandrarkvinner som står utan utdanning og ofte utan framtidsutsikter.

Den viktigaste bodskapen i boka mi er at kvinner må tørre. Kvinner må aldri seie: «Eg er berre ei kvinne». - Eg skriv på vegne av kvinnene i min generasjon, seier Elayoubi.

- Dei kan som regel ikkje lese, og kan ofte ikkje språket heller, slik at dei blir som analfabetar i eit framand land. Det er så viktig å lære seg språket! Eg ser på kvinner som livets lokomotiv. Men utan språket kan ein ikkje gjere noko, seier ho.

- Men døtrene deira har lese forteljinga mi for mødrene sine. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå andre innvandrarkvinner. Det kjem alltid noko godt ut av alt det vonde.

For Elayoubi har hatt eit vanskeleg liv. Barndommen i Marokko var lukkeleg fram til seks års alder. Då endra livet seg.

- Far min hadde to koner. Eg var mett på kjærleik frå alle dei mine tre foreldre, det var heilt naturleg for meg å ha to mødre som barn. Men seks år gammal blei eg skilt frå søskena mine som eg var nært knytt til og sendt til ei barnlaus tante som budde langt unna. Ho behandla meg strengt, og den endringa i livet mitt blei like radikal som då eg kom til Frankrikre første gong, fortel Elayoubi.

Då ho kom tilbake til familien var mykje endra. Fatima måtte slutte på skulen berre 12 år gammal, fordi foreldra hennar berre hadde råd til å la dei to brødrene hennar få utdanning.

Sjokk å kome til Frankrike

I eit poetisk språk skildrar Elayoubi både oppveksten i Nord-Afrika og dei vanskelege åra som innvandrar i Frankrike. Fatima blei gift 28 år gammal med ein heilt framand mann som kom og bad om handa hennar. Det heile skjedde så fort, i Fatimas familie var det ikkje vanleg at ein hadde kjærast før ein blei gift, og det var naturleg at ho blei med ektemannen til Frankrike sidan det var der han budde.

Det vanskelegaste med det nye livet var ikkje det framande landet, men å skulle dele livet med ein partnar som ikkje forstod ho, fortel Elayoubi.

- Alle kvinner som har eigne grenser, får vanskar med å leve saman med ein mann dei ikkje har noko til felles med. Ulikskapane mellom mannen min og meg blei forsterka av det sjokket det var å kome til eit framand land.

Fall ned trappa

Elayoubi fekk to døtre med ektemannen før dei blei separert. For å brødfø barna, reingjorde Elayoubi opp til fem heimar om dagen. Ho stod opp klokka fire kvar morgon for å få dagen til å gå rundt, og fortel at det harde, gledeslause livet fekk ho til å miste sjølvrespekten.

Slik levde ho i mange år, med å vaske og ta seg av barna om dagen, og skrive om natta. Men etter eit stygt fall ned trappa i ein av heimane ho reingjorde, blei Elayoubi uføretrygda.

- Eg har ikkje utdanning, det var kroppsarbeidet som var mi universitetsgrad. Då ulukka skjedde var det som om vitnemålet mitt brann opp, seier Elayoubi.

For ho som hadde arbeidd for døtrene sine gjennom heile sitt voksne liv, var det tungt å skulle erkjenne at kroppen streika, at ho ikkje orka meir. Elayoubi byrja å gå til behandling hos ein psykiater som oppmoda ho til å satse på skrivinga. Boka «En bønn til månen» blei skriven på arabisk, men ho fekk hjelp til å omsetje den til fransk.

- Gjenoppdaga mamma

Fatimas yngste dotter Sokaina (20) er med på noregsbesøket. Ho fortel at forteljinga til mora gjorde sterkt inntrykk.

- Eg grein mykje då eg las boka første gong. Eg gjenoppdaga mamma gjennom romanen hennar. Ho har eit språk som blir igjen i sjela når ein les det, seier Sokaina.

Ho fortel at ho også lo høgt fleire stader, fordi ho kjende igjen situasjonar og episodar som mora skildra.

- Den viktigaste bodskapen i boka mi er at kvinner må tørre. Kvinner må aldri seie: «Eg er berre ei kvinne». Kvinner har moder jord bak seg, og må stå for det dei er, seier Elayoubi, og sjølv om språkvanskar gjer det naudsynt å bruke tolk under intervjuet, er det tydeleg at ho snakkar like poetisk som ho skriv, og nyttar seg av vendingar og bilder som ikkje alltid lét seg like enkelt omsetje til norsk.

Fatima Elayoubi er stolt over at boka hennar no også kjem ut her i landet.

- Eg ønskjer at historia mi skal kome ut til norske heimar. Det er viktig at nordmenn får innsikt i situasjonen til dei som kjem frå framande land. Eg ser på meg sjølv som ein representant også for innvandrarane i Noreg, seier Elayoubi med varme i stemma.

Les også:

ABC Nyheter Kultur

ABC Nyheter Litteratur