Plateaktuelle Jan Erik Vold. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

AKTUELL PLATE: «Drømmefangeren sa» Jan Erik Vold/Egil Kapstad

Hinsides den norske kosen

- Det handlar ikkje lenger om poetens liding, men om verdas liding, seier Jan Erik Vold om dikta han framfører på den nye plata «Drømmemakeren sa».

Fakta Jan Erik Vold

Poet, f. 18.10.1939 i Oslo, busett i Stockholm sidan 1977.

 

Jan Erik Vold har samarbeida med store norske jazzmusikarar og komponistar, som Jan Garbarek og Egil Kapstad, som er komponist på den nye plata. Han har på ei serie plate vore vokalist med einge dikt i samspel med blant andre Chet Baker, Red Mitchell og Nisse Sandström og Egil Kapstad.

 

Musikalsk spenner platene frp bebop til frijazz, dei fleste i samarbeid med produsent  og musikar Jon Larsen i Hot Club Records.

 

Musikken på det nye albumet «Drømmemakeren sa», der Jan Erik Vold les si eiga diktsamling med same namn, er komponert av Egil Kapstad og ligg nærare samtidsmusikken enn jazzen. 

Jan Erik Vold er igjen aktuell med ny plate. I «Drømmefangeren sa», som er laga i samarbeid med komponist Egil Kapstad, viser Vold ei heilt ny side ved seg sjølv som lyrikar og jazzpoet.

- Egil Kapstad og eg har laga plater saman sidan 1986. Det som er skjønt, var at Egil denne gongen hadde ansvar for all musikken, og eg sto for alle tekstane, seier Jan Erik Vold til ABC Nyheter.

Resultatet har blitt ei plate der Volds tolv fraksjonar har fått tolv komposisjonar knytt til seg, som ligg like nære den klassiske musikken som jazzen.

- Det handlar ikkje om poetens liding i denne boka, men om verdas liding.- Egil valde å bruke styrkekvartett, tenorsax og piano, ei besetning eg blei glad for. Dette er ikkje jazz og lyrikk, men lyrikk og musikk. Samtidsmusikk., seier Vold.

Det var Walter Baumgartner, professor i litteratur og festivalsjef for «Nordischer Klang», som under omsetjinga til tysk av Volds diktsamling «Drømmefangeren sa» fekk ideen om å bestille musikk til tekstane.

- Musikken er eigentleg ei eksakt bestilling frå Tyskland. Verdspremieren var ved Greifswald Universitet i mai i fjor, då eg las alle dei 144 dikta på tysk for eit tysk publikum. Det er artig å ha gjort det, og sjølv om eg nok ikkje las på perfekt tysk, fekk eg applaus frå publikum, fortel Vold med eit smil.

Global lyrikk

Jan Erik Vold meiner sjølv han skriv annleis no enn han gjorde for ti-tjue år sidan.

- Eg skriv fram ein globalt tematikk i denne boka. Eg er ute i verda, innom Buenos Aires, Tuth Ankh Amon, andre verdskrig, Normandie, Holocaust, Stalingrad og Stiklestad. Det handlar om isfjell som blir pappmasjé, nedbrytinga av Antarktis og global oppvarming, men også om Nelson Mandela.

- Det eg held på med no, er hinsides den norske kosen. Det handlar ikkje om poetens liding i denne boka, men om verdas liding, seier han stille.

Jødeforfølginga og nazistanes utryddingsleirar er tydeleg til stades i tekstane. «Takk for meg, nå får dere ikke se meg mer / I natt ble vi arresterert», les Vold høgt, ei setning som er eit direkte sitat frå femten år gamle Kate Lasnik, som under krigen blei deportert til konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau der ho mista livet. Historia blei kjend då Espen Søbye gav ut biografi om jenta i 2003.

- Eg synest det fungerer fint å bruke setninga hennar i teksten, seier Vold.

- Dette var orda som sto på lappen vennene fann hengande på døra, etter at tyskarane hadde henta familien hennar i 1942.

- Først 60 år seinare fekk vi vite det heile om kva som føregjekk.

Jan Erik Vold har lenge vore oppteken av Holocaust, både i arbeidet med den avdøde lyrikaren Gunvor Hofmos dikting og i redigeringa av Ruth Maiers dagbok, som Vold gav ut tidlegare i år. Ruth Maier var Gunvor Hofmos kjære venninne, som blei eitt av ofra i nazistanes gasskammer. Røyken frå gasskamra blir skildra i Volds dikt:

Soldatene forgrep seg på
de
over
levende

JA, VI
øde
legger. Ikke
skumringen. Ikke gryningen. Røyken

sendte
vi
til himmels. Der
setter den ikke

merke. Stanken slår ned
uten
for
luktevidde

(Frå samlinga: «Drømmemakeren sa», 2004)

- Skorsteinsrøyken frå utryddingsleirane er ein referanse til Paul Celans dikt «Dødsfuge», seier Vold.

- Men så er eg brått over i Vøringsfossen i neste dikt. Det sprangvise, intuitive, er viktig, sjølv om eg prøver å skape ein heilskap innanfor kvart dikt. Det eg startar diktet med, forsøker eg å ha med meg til slutten, forklarar han.

Blåmann-turné

For 20 år sidan spelte Jan Erik Vold inn jazzalbumet «Blåmann! Blåmann!» saman med den legendariske jazztrompetisten Chet Baker, som døydde kort tid etter innspelinga. Plata har fått kultstatus og skal vere ein av dei mestseljande jazzplatene i Noreg nokonsinne. Vold sjølv meiner Radka Toneff moglegvis ligg nokre lengder foran.

I februar i år turnerte Vold og musikarane frå innspelinga, samt den svenske trompetisten Jan Allan, med musikken for første gong.

- Det ville ha vore usmakeleg å gjere det tidlegare. Men no er Chet Baker forhåpentlegvis vel bevart i himmelen, så no var det greitt å gjere det, meiner Vold, som syntest det var veldig moro å vere på turné med det gamle materialet.

- Men Chet Baker er til stades også på den nye plata. «Chet Baker gikk til pianoet og slo an én tone / Den satt», les Vold høgt, og humrar:

- Det var ein episode i studioet i Paris, då trompetisten Chet Baker midt under ei låt går bort og slår an ein tone på pianoet, eg trur det var ein C. Hadde han berre bomma med ein halvtone hadde det blitt veldig feil, men han traff perfekt. Sånn: «Ein tone, den kjem no, ferdig!»

- Baker er ein av mine venner, og difor ein del av mitt poetiske univers. Dikta er inspirert av tidlegare erfaringar, episodar frå fortida.

Framtidas musikk

Til forskjell frå den klassiske Blåmann-plata er det i «Drømmefangeren sa» eit meir integrert samspel mellom musikk og tekst.

- All musikken er spesialskriven for teksten. Og det er tidvis ganske vanskeleg musikk. I jazzen har ein jo litt slack, kjem ein feil ut, kan ein ta seg inn igjen i løpet av låta. På denne plata brukte vi klassiske musikararar, og i klassisk musikk må alt vere korrekt. Dei er strenge på det. Men for min del var det ikkje så stor forskjell. Eg måtte berre passe på å kome inn på riktig stad, seier Vold.

Produsent Jon Larsen i Hot Club Records ser den nye plata som frukten av eit samarbeid som har pågått i mange år.

-Vold og Kapstad har gått frå tradjazz og avantgarde og no tatt skritten inn i samtidsmusikken. Gnisningar og samarbeid gjennom mange år har gjort denne plata mogleg, meiner Jon Larsen.

- Men det er også ei nyskaping, skyt Vold inn.

- Kapstad har gitt saksofonen høve til å improvisere, og det er uvanleg få samtidskomponistar som har kunnskap nok til å vite kor improvisasjonen kan sleppast laus. Ideen med å flette saman fast komposisjon med improvisasjon er framtidas musikk, meiner Vold.

ABC Nyheter Musikk

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur