Programmet for årets Ibsen-festival blei offentleggjort tirsdag på Nationalteateret. Skodespelarane Kim Haugen (f.v.), Sven Nordin, Petronella Barker, Mads Ousdal og Nicolai Cleve Broch speler alle roller i ulike Ibsenstykker. Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Ibsen-festivalen:

Gir bort 2,5 millionar i ny Ibsen-pris

2,5 millionar til vil bli gitt til den som har oppnådd «eineståande Ibsen-resultat, definert ut frå anden i Ibsens verk».

Under årets Ibsen-festival vil det bli delt ut ein splitter ny internasjonal Ibsen-pris på 500.000 dollar eller om lag 2,5 millionar norske kroner.

Prisen skal heidre ein enkeltperson, organisasjon eller instiitusjon innan kunst og kultur for «eineståande resultat definert ut frå anden i Ibsens verk», som det heiter i prisomtalen. Kven som vinn årets pris er allereie avgjort, ifølgje Nationaltheatrets teatersjef Eirik Stubø, men det blir halde hemmeleg heilt fram til utdelinga på Nationaltheatret 31. august.

«Brand»-kor

Vakre tonar frå koret i «Brand» - dirigert av Sven Nordin - innleia pressekonferansen på Nationaltheatret der teatersjef Eirik Stubø i dag la fram det foreløpige programmet for den ellevte Ibsenfestivalen.

Ibsenfestivalen varer fra 28. august til 14. september i år og i løpet av denne tida blir det avvikla over førti Ibsen-oppsetjingar og andre aktivitetar. Programmet består av teaterframsyningar og arrangement som seminar, prisutdelingar, performance og utstilling.

Festivalen vil også innehalde heile åtte gjestespel frå seks ulike land.

- Nytt av i år er at vi lanserer eigenproduserte oppsetjingar som får urpremiere her, og ikkje berre hentar inn utanlandske framsyninga, seier Eirik Stubø.

«Matteuspasjonen» til scena for første gong

Eit av dei meir spennande innslaga under årets festival, blir «Matteuspasjonen», som for første gong blir tatt til scena. Den tyske regissøren Sebastian Hartmann, som stod bak suksessen «Markens grøde», kjem til Oslo med sitt eige kompani, og vil leggje sin eigen premiere til Ibsenfestivalen.

«Matteuspasjonens» første del er basert på Ingmar Bergmans «Nattvärdsgjestene». Andre del byggjer på Henrik Ibsens «Brand», og siste del blir bygd over «Matteusevangeliet» og teksten i Bachs «Matteuspasjonen».

«Hvite hester»

Ibsens «Rosmersholm» med blant andre Eindride Eidsvold i rolla som Johannes Rosmer og Petronella Barker i rolla som Rebekka West har premiere på Hovudscena 28. august.

- Det er Ibsens mest komplekse og mørke skodespel, som er lite spelt, meiner teatersjefen. Men det blir spelt til gagns unde årets festival, for også Teater Ibsen kjem med ein versjon av «Rosmersholm» under festivalen. Under tittelen «Hvite hester», som var Ibsens tittel på førsteutkastet av stykket, får publikum servert regissør Jon Tombres tredje Ibsen-oppsetjing. Oppsetjinga er meint å vere ein ein del av teatrets satsing på å presentere Ibsen på nye og overraskande måtar for eit breitt publikum.

«Gengangere» forbode i Teheran

Den spanske regissøren Calixto Bieito sin versjon av «Brand» med Sven Nordin, Frøydis Armand og Maria Bonnevie på plakaten, hadde premiere under Festspela i Bergen for nokre veker sidan og hadde premiere i Oslo i går. Til ståande applaus frå publikum, ifølgje teatersjef Eirik Stubø.

Stykket skal gå i Oslo heile hausten.

Ei teatergruppe frå Teheran kjem til Noreg for å setje opp «Gengangere». Dei har lenge hatt lyst til å setje opp stykket i Iran, utan at det har vore gjennomførbart.

- Det viser berre på kor mange nivå Ibsens stykker levererer, var teatersjef Eirik Stubøs kommentar.

- I Noreg i dag avviser vi gjerne den politiske stingen til Ibsens stykker, men den kan vere høgst til stades i andre land. Teaterstykket viser korleis Ibsen framleis har aktualitet når den blir sett inn i ein annan kulturell samanheng.

Eit anna gjestespel er «Noras døtre» som er forfatta og regissert av Henning Mankell. Mankell har dikta vidare på Ibsens stykke «Et dukkehjem» og gruppa Mutumbela Gogo frå Mosambik kjem til festivalen for å vise fram stykket, som hadde verdspremiere i Mosambiks hovudstad Maputo hausten 2006.

«Det gale mennesket»

Festivalen vil også ha eit svensk innslag, av Ibsens samtidige «allierte», men mest av alt fiende, rivalen August Strindberg og hans skodespel «Et Drømspill» (1901).

August Strindberg og Henrik Ibsen møttes aldri, men skal ha inspirert kvarande på ein negativ, men fruktbar måte. Strindberg skal til dømes ha elska «Brand», men ha hata dei seinare stykka hans. Og teatersjef Eirik Stubø fortel at Ibsen hadde eit stort portrett av Strindberg hengjande over skrivebordet sitt. Om lysta til å forlate arbeidet tidleg og gå ned på Grand blei for sterk, brukte Ibsen berre å kikke på portrettet av «det gale mennesket» som han sa, for å halde moralen oppe. Då klarte han å skrive vidare.

«Et Drømspill» har premiere på Torshovteatret 30, august og har blant andre Birgitte Larsen (Indras datter/Agnes), Mona Tandberg (Portnersken m.m.), Agneta Bræin Hovig og Nicolai Kleve Broch på rollelista.

Elles vil det bli mogleg å sjå den kritikerrost svenske oppsetjinga av «Hedda Gabler» som har gått på Stockholms Stadsteater i vår. Norske Alexander Mørk-Eideim har hatt regien.

Det blir også performance under festivalen. Under tittelen «Bloody Dramatic Rooms» skal publikum få sjå korleis dagens ungdom framstiller dramatiske hendingar frå Ibsens skodespel.

For heile programmet, sjå Ibsen-festivalen 2008