"Øye for øye og tann for tann"
Israel har valgt eit utvida landområde framfor fred.
”Øye for øye og tann for tann” er eit kjend prinsipp i Det gamle testamentet,og var sikkert nyttig i den tida då beduinarstammane vandra rundt i Midt-Austen og kjempa om beiteland. Jesus var gjerne den første som kjempa mot eit slikt prinsipp og meinte at skulle det verta fred, så måtte ein læra seg å venda det andre kinnet til.
Jødane har ikkje det nye testamentet så det er ikkje så underleg at dei fremdeles praktiserer det gamle prinsippet,men at dei i vår tid skulle utvida det til å verta ei tann for ein heil tanngard,det er tragisk. Mange kristne Israelsvenner prøver seg i desse dagar med skriverier for å rettferdiggjera den massakren Israel no gjennomfører mot sine okkuperte naboar,men det vert stadig tydelegare at dei har ei dårleg sak. Alle som sit inne med ein smule sans for rettferd og har kjensler for sine medmenneskje,ser at det som skjer der nede no, er ein forferdeleg menneskjeleg tragedie utførd av dei som styrer i Israel.
I gamal tid då Gud var aktiv og kunne snakka og setja fyr på tornebusker,då sende han domsprofetar til leiarane for Israelsfolket og fortalde kva han meinte om styringa deira. Er det slutt med det no,eller blir Gud og dei som talar hans sak i Israel, overdøyvde av drønna frå bombene og skrika frå skuldlause offer i Gaza. Dette kan då ikkje vera Guds vilje?
Ingen av partane har vore flinke til å snu det andre kinnet til i denne konflikten som har vart sidan jødane fekk tildelt eit landområde i Palestina i 1948 og staten ,Israel, vart oppretta.Heilt sidan den gongen har dei stadig lagt under seg meir palestinsk land.Mange kristne ser på denne staten som eit viktig ledd i Guds plan ,men etter år med etnisk rensing,brutal krigføring og okkupasjon, er det vanskeleg å få auga på det guddommelege.
Det triste er at det kunne vore fredeleg i regionen for lenge sidan dersom Israel ville.I årtider har dei fått politikarar rundt om i verda til å tru på at dei vil ha fred,men handlingane deira viser tydeleg det motsette. Dei bryt internasjonale konvensjonar, bryr seg ikkje om alle FN –resolusjonane dei har fått mot seg,men med støtte frå USA , kan dei berre tura fram som dei sjølve vil. Det hadde vore lettare å akseptera den stygge muren dersom han ikkje var bygd på okkupert land og tek bort livsgrunnlaget for palestinarar på utsida. Jødar byggjer på palestinsk jord, langt utanfor Israels grenser.Veltrente,israelske soldatar kontrollerer vestbredda og gjer kvardagen vanskeleg og fornedrande for dei som skal bu der. I det siste har dei hindrar livsviktige varer å koma inn til Gazastripa.
Den overdrivne maktbruken, som vi har sett gong etter gong, er eit godt tegn på at Israel ikkje er interessert i å ha ein palestinsk stat som nabo. Dei skal driva ein utarmingspolitikk som gjer at dei om ei stund overtek dei palestinske områda for godt,og vi får nye flykningeleirar. Israel har valgt eit utvida landområde framfor fred. No er det vel snart på tide at politikarane også oppdagar det . Israel er eit sterkt og velorganisert demokrati. Difor skal vi kunna venta meir av dei i denne konflikten. I staden for å oppmuntra og spela på lag med dei moderate kreftene i dei palestinske områda,så fyrer Israel opp under hatet.
Kvar hamasrakett vert oppfatta som eit nytt høve til brutale gjengjeldelsesaksjonar og kollektiv avstraffing av sivile.Våpna er av beste USA-merke som kan treffa det dei vil , både skular, ambulansar og gudshus.Dei har øydelagt infrastrukturen i området for å hindra at det kan veksa fram ein palestinsk stat slik verdssamfunnet pratar og kanskje drøymer om.Ikkje fortel meg at leiarane i Israel ikkje skjønar at vald avlar vald,men dei kalkulerer nok med at om valden vert grov nok, så kan dei kanskje nå sine ”hemmelege” mål som utan tvil er eit stort Israel der det vert plass til fleire jødar frå ymse kantar av verda. Dette er kynisk ,og du skal vera ein sterk Israelsvenn om du skal finna fornuftige argument for det som no skjer.
No hjelper ikkje bøn , men boikott.
Johannes Rydland
- ( blå pensjonist)

Pengesedler varmer fattige ungarere
Lesernes kommentarer
Rosa Minde
7. januar 2009 - 21:08
På samme måte som Hitler
Med full støtte fra det internasjonale samfunn.
Da Hitler gjorde det samme ble han overmannet og nedkjempet. Hitlers ønske om mer lebensraum ble aldri noen realitet.
Israel har gjort det samme, med støtte internasjonalt!
Når de undertrykte fikk nok, ble det ikke øye for øye og tann for tann. Da ble det folkemord. Drap på sivilbefolkningen for å tvinge dem i kne.
Og resten av verden sitter og ser på. Prater litt svada om ansvar her og der.
Det vil aldri bli fred i midt-østen.
John Kornelius Idland
8. januar 2009 - 13:32
ØYNER for øye, og TENNER for tann
Her, ved tittelen, da formulert med ekstrem sjenanse og tilbakeholdenhet for ikke - unødig- å komme i skade for å irritere ømme og helligholdte tær.
”…slik Fanden leser (selvtolker) Bibelen”. Noen bør vel ha for øye at nevnte herremann høyst sannsynlig kan ha hatt en finger med i den beleilige strategiske fortolkningen av det opprinnelige Bibelsitatet.
Sigrun Tømmerås
9. januar 2009 - 17:53
Religionshistoriker Bente
I Det nye testamentes Matt 5,38 står det: "Dere har hørt det er sagt: ' Øye for øye og tann for tann.' Men jeg sier dere: Sett dere ikke til motverge mot den som gjør ondt mot dere. Om noen slår deg på høyre kinn, så vend også det andre til. Vil noen saksøke deg og ta skjorten din, så la ham få kappen også. Om noen tvinger deg til å følge med én mil, så gå to med ham. Gi til den som ber deg, og vend ikke ryggen til den som vil låne av deg."
Jeg regner med at de fleste kristne ikke i fullt alvor mener at voldsofre verken skal forsøke å forsvare seg eller bør la være å søke voldsoffererstatning om de blir hardt skadet?
Skulle ønske teologer og religionsvitere var flinkere til å formidle tolkninger av "hellige" tekster som oppleves som relevante for oss i dag.