
Folkekyrkja og Einar Gelius
Viss kyrkjelydane vil ha dei, bør det vere plass til ein Einar Gelius, ein Helge Hognestad og ein Ludvig Nessa. Dei prestane eg personleg har minst til overs for, er prestar av typen Ludvig Nessa, for dei går over ei grense når det gjeld å fordøme og krenke andre menneske. Men eg synest likevel det bør vere plass for dei, viss kyrkjelyden deira vil ha dei. Men det bør og vere slik at prestar tilsett i kyrkja ikkje skal ha rett til å nekte å utføre kyrkjelege handlingar som dåp, viing, konfirmasjon, nattverd, m.m. Og dei bør ikkje ha rett til på eiga hand å innføre rituale som bryt med det kyrkja har fastsett i tråd med kyrkja si lære. Sjølv om dei personleg er ueinige i ritualet. Kyrkja bør ikkje vere ein plass der ein skal misjonere for eiga trusretning. Det kan ein gjere utanfor kyrkja, på prestemøte og andre samlingar som ikkje er i kyrkjelege i eigentleg forstand.
Kyrkja må ha ei lære. Men denne læra bør ikkje vere eit grunnlag for å fordøme medlemmer av kyrkjelyden. Somme prestar har gjort det. Det bør vere grunnlag for oppseiing. Gjennom historia vår har visse bedehusmiljø gått så langt at dei ikkje har møtt i kyrkja fordi dei var ueinge med presten. Dei prøvde med andre ord å tvinge gjennom si trusretning som den einaste som skulle gjelde for kyrkjelyden. Dette er eit ukristeleg overgrep, og etter mi meining like ukristeleg som det somme prestar står for i dag når dei nektar å vie eller døype folk under forskjellige påskot. Eller i dag nektar å vie homofile. Kyrkja har i dag i prinsippet akseptert viing av homofile. I ein overgangsperiode er det kanskje naudsynt at somme prestar slepp å utføre akkurat den kyrkjelege handlinga. Men når kyrkja har akseptert dette som som ein del av si lære, bør det berre vere ein overgangsperiode.
I ei folkekyrkje er det ikkje slik at alle kyrkjemedlemmer sluttar seg til alt som kyrkja står for. Men dei har valt å vere medlemmer av denne kyrkja fordi dei anten synest at kyrkja i hovudsak er i deira hjarte, eller fordi dei vil vere solidariske med slekt og vener som kyrkja betyr mykje for. Det er ikkje dei tillitsvalde i kyrkja si oppgåve å fordøme desse kyrkjemedlemmene, anten dei no sit i menigheitsrådet, er prestar, er biskopar eller tener kyrkja i andre ledd. Under den direkte statskyrkjeleiinga var det staten som sikra at kyrkja no har både kvinnelege og homofile prestar. Kven skal sikre slike framsteg i framtida? Til og med paven har no akseptert bruk av kondom, men det er jo minst femti år for seint! Skal folkekyrkja heretter reformere seg, minst 50 år for seint? Det kan bli prisen med ei Kvarme-styrt kyrkje, og da vil ho truleg døy. Nei, kyrkja må sjå over prinsippa ho styrer seg etter. Ho bør snarast skaffe seg retningslinjer som gjer at Kvarme og andre tillitsvalde i kyrkja ikkje kan gjere det han no har gjort.

Barns beste
Lesernes kommentarer
Hans Fosshagen
30. november 2010 - 16:52
Gjer døri høg og porten vid..